– Samanhengen mellom fag og kunst er så sterk og direkte, seier forfattar og tidlegare lærar Erna Osland. Osland har skrive mange  fagbøker for barn og ungdom. I bøkene til Osland får ein både illustrasjonar, forteljingar og faktatekstar. Samarbeidet med illustratørar er viktig for Osland. I si nyaste bok Venner med venger har ho samarbeida med illustratør Inger Lise Belsvik.

 

Det var på seminaret om Leseglede og språkutvikling i regi av Nynorsksenteret forrige fredag Erna Osland delte sine erfaringar som fagbokskribent.

– Inger Lise har teikna fuglane slik dei er for borna, fortel Osland. Dei er laga med klare fargar slik at born skal tøra å teikna fuglar.

Erna Osland, som i tillegg til å vera forfattar, har vore lærar i mange år, er særs glad i fagbøker.

– Det er fint med fag, understrekar Osland. Fagleg påfyll er viktig for barna si utvikling og leik. Det er mykje moro å finne i kunnskap, dette har Osland erfart både som barn, som lærar, som mor og nå ikkje minst som farmor, fortel ho.

Det Osland skriv om i fagbøkene spring ut av hennar eigen trang til å læra meir.

– Eg startar heilt på null, slik er eg som eit barn, fortel Osland. Ideane til kva ho skal skriva om blir til medan ho leikar med barnebarna. Når ho leikar med borna, leitar dei etter kunnskap.

– Me har det veldig moro når me lurer på korleis ting blir til!

Nokre av bøkene Osland har skrive finn du meldingar av her på pirion.no:

Å byggja bruer

Sov søtt, herr Spiss  

Oppdatert: laurdag 15. september 2018 17.17

Lik Framtida.no på Facebook: