2012 ser ut til å bli eit rekordår i eksport av norske barnebøker.
Framleis er Karius og Baktus på eksport-toppen, men fleire bøker gjer det også bra. Bøker som «Doktor Proktors prompepulver», «Garmanns sommer» eller «Tonje Glimmerdal» vart eksportert over mange landegrenser i fjor. Til saman selde norske forslag 186 barne-og ungdomstitlar til utlandet i fjor, skriv NRK.
– Cappelen Damm har ei sterk barnebokliste, det ser ein att i eksporten vår, seier rettighietssjef Kristin Weholt i Cappelen Damm Agency. Ho seier til NRK at salet til utlandet aukar.
– Me sel mest til Norden, men også Tyskland, Frankrike og Sør-Korea er viktige marknadar for oss. Dessutan merkar me oss ei auka interesse frå engelskspråklege territorier, seier Weholt