Kulturminister Hadia Tajik (Ap) vil at alle barn skal ha like moglegheiter til å delta i kulturlivet. 

 

– Det er ei sentral utfordring at alle barn får lik moglegheit til kultur. For det er nokre tersklar. Foreldrene sin økonomi og kulturelle bagasje kan avgrense kva moglegheit barna har til å oppleve kultur.  Me har også tersklar knytt til etnisk bakgrunn. Dette kan ein også lese av statistikk for kva utdanning mange unge med innvandrarbakgrunn faktisk tar. Fag som jus, medisin og ingeniørfag dominerer, og dei vel i mindre grad utdanning innan kunst og kultur. Det å vere kulturutøvar har ikkje like høg status i mange av innvandrarforeldra sine heimland, seier kulturministeren til  Kulturmagasinet Q.

– Dette kan gjere at barn og unge ikkje blir oppmuntra til å satse på utdanning innan kunst og kulturfag. Foreldra ynskjer ikkje at barna skal streve med å få jobb, og anbefaler trygge utdanningsvegar, meiner Hadia Tajik. 

Ho legg vekt på at utfordringa ligg i å sikre alle like moglegheiter til å delta i kulturlivet – både som utøvarar og som publikum. I tillegg meiner ho det er viktig å fjerne økonomiske barrierar slik at alle barn kan delta i kulturllivet. 

Lik Framtida.no på Facebook: