Bli med inn i eit spanande univers der det er vanleg å bli røva av ein ekte røvarbil.
Siri Kolu er finsk og debuterer med boka Røversommer. Boka er omsett til norsk av Tor Tveite.
Dette er ei historie i fri form, forteljarstilen kan minne om både Roald Dahl og Astrid Lindgren. I denne drøymeverda er alt mogleg, opplevingane er både spanande, overraskande og fantasifulle. Med denne boka har forfattaren vunne både Finlandia Juniorprisen og Finsk Barnebokinstitutts Laivakello-prisen.
Her møter me ti år gamle Vilja som blir røva av familien Røverrud for å halde barna i famillien med selskap. Og Vilja har ei oppleving for livet, ho likar å køyre bil i kjempefart, stele godteri, flykte frå politiet, bade når ho vil og sove i telt. Kanskje var dette den perfekte sommarferien før det blir haust og skule igjen?
Røversommer er den første i ein serie på tre bøker og passar best for borna mellom 7 og 11 år. Boka kjem ut på Mangschou.