–  Me ynskjer å dra barn inn i ei fantasiverd der dei blir kjend med Rasmus Løland si forteljing, seier Anette Opheim og Kjersti Moe ved Ryfylkemuseet i Ryfylke.

Bakgrunnen for utstillinga Kvitebjørnen er å få til ei interaktiv utstilling for barn ut frå Rasmus Løland si forteljing Kvitebjørnen. Dette var eit prosjekt som blei satt i gong i samband med Rasmus Lølandmarkeringa frå 2007 til 2011. Utstillinga er inspirert av arbeidsmåten til Fyrtøyet, som er barneavdelinga til H.C. Andersens hus i Oddense, og har som mål, på den eine sida, å formidle god litteratur til barn, og på den andre sida å invitere barna sjølve til å delta i den skapande forteljarprosessen. Målgruppa til utstillinga er born frå 3 år og ut småtrinnet.

– Utstillinga skal invitere til interaktivitet og stimulere mange sansar, dei skal lære gjennom leiken og me håper dei tek med seg denne leikande læremåten når dei kjem tilbake til barnehagen, seier Moe og Opheim.

Gjer historia levande

– Vi som har hatt opplegget har vore på forteljarkurs med Anne Elisebeth Skogen, og nyttiggjer oss derfor av forteljarteknikkar som skal gjere historia meir levande for barna. Her er nøkkelen at ein ikkje må gjere for mykje ut av det, ei enkel handrørsle som illustrerer snø eller eit blikk opp mot «månen», er meir verknadsfult enn å bruke veldige handrørsler for å illustrere det same. Det må verke ekte og ikkje tilgjort. Når det gjeld barnehagebarn, kan det vere krevjande å halde på merksemda, seier dei to som jobbar som formidlararar ved museet.

 Særleg meiner dei dette er tilfelle sidan borna er tilstades i ei utstilling med kostymer, tunell ein kan gå igjennom, tårn ein kan klatre i, kongler å leike med, teikneark, samt ein flott speglsal. Ein metode for å få dei meir konsentrerte har vore å få dei til å sette seg inni Kvitebjørnen, som er ein uthola isbjørn med benker i. Etter dei har satt seg tilrette kjem formidlaren inn med eit lite lys i handa for å skape ei spesiell stemning, fortel Moe og Opheim.

–  På den måten håper me at dei fortsett forteljinga på eigenhand ved å leike at dei er karakterane i forteljinga. Vi håper at samanhengen mellom forteljarstund og ei interaktiv utstilling av det som nettopp har blitt fortalt, kan stimulere til ei djupare forståing, enn det ein kan oppnå gjennom ei forteljarstund åleine.

Fleksibel formidling

Mange besøkjer også utstillinga utan å høyre forteljinga i det heile. Formidlarane er sikre på at eventyrsjangeren med troll og prinsesser er noko borna er så kjende med frå før at dei fint kan lage eigne historier. Dei legg vekt på at det er lurt å ta føre seg noko som barna kjenner frå før, og som dei kan byggje på med ny kunnskap.

– Noko som og bør nemnast, er at når ein jobbar med barn veit ein aldri korleis det blir, dei kan bruke utstillinga på heilt andre måtar enn me hadde tenkt. Dei har ikkje dei same grensene som vaksne folk som er styrde av dei reglane som samfunnet har kasta på oss. Barna tør å sleppe seg laus. Sjølv om dette er veldig kjekt for oss formidlarar å sjå, kan det også vere ei utfordring når barna ikkje gjer slik vi hadde tenkt. Det som kan fungere for ei barnehagegruppe, fungerer kanskje ikkje for ei anna gruppe. Då må me vere fleksible og spontane for å kunne møte dei behova dei ulike gruppene har.

Skal utfordre kreativiteten

–  Har de tips til barnehagar som gjerne vil gjere noko liknande?

–  Hugs at barn lærer gjennom leik og ta dette på alvor slik Rasmus Løland gjorde. Det er viktig å lage opplegg der dei får utforske og tenkje sjølve, framfor å bli lært kva dei skal tenkje. Dei må få utfordre kreativiteten sin.

–  Som nemnd er det viktig å gjere temaet aktuelt for barna. Viktige spørsmål kan då vere: Korleis kan ein relatere temaet til den barnekulturen dei er ein del av? Kva er barnehagebarna opptekne av? Kva er viktig i deira lokalmiljø?

–  De har laga eit undervisningsopplegg knytt til utstillinga. Korleis kan barnehagane nytte seg av det?

–  Etter at barna har fått høyre Kvitebjørnenforteljinga av ein formidlar, tek den same formidlaren barna med i utstillinga og stiller dei spørsmål kring forteljing og utstilling for å koble saman dei to elementa. Dette klarer barn godt på eigenhand også, men det er fint å få ein liten dialog med barna før dei går vidare til å leike på eigen hand, slik at vi som formidlarar høyrer kva dei har fått med seg av forteljinga.

–  Når det gjeld leiking på eigenhand, hender det at barnehagane bruker lang tid, og dette synest vi er veldig kjekt, for det må bety at dei kosar seg veldig i utstillinga. Særleg populært er det å kle seg ut. Dette er eit verkemiddel som lett kan brukast av barnehagar, det å kle seg ut verkar ut til å vere noko av det mest effektive for å kunne sette seg inn i ei anna rolle og eit anna univers.

Kan brukast lokalt

For å stimulere til undring og skaparkraft hjå borna har museet laga eit hefte der barnehagane kan hente inspirasjon og idear til aktivitetar og opplegg ein kan nytte. 
– Opplegga er knytt til rammeplan og til ulike fagområde for barnehagen, men dei er også knytte til dei ideane som Rasmus Løland var opptatt av, og som vi ønskjer å bringe vidare. Løland sine barneforteljingar er sterkt knytt til den naturen og det miljøet som han har gått ut i frå, og som me har snakka om, er det nære sjølvsagt viktig for barn i dag også. Alle aktivitetane i heftet er derfor knytt opp mot natur og det nærmiljøet som barna veks opp i. Igjen er det snakk om å ta barna på alvor ved å la dei lære gjennom leiken, fortel Moe og Opheim.
– Dette er eit hefte me håpar at barnehagane kjem til å nyttiggjere seg av, og det er laga på ein slik måte at barna ikkje må ha vore i utstillinga på førehand. Dette betyr at barnehagane som kjem til oss kan få med seg dette heftet, og bruke det til alle barna i barnehagen uavhengig av om dei har vore i utstillinga. På denne måten håpar me å kunne spreie Løland sine tankar.

TIPS

– Tips til barnehagar som ynskjer å fokusere på forteljing og drama?
– Det enkle er ofte det beste. Du kan få veldig mykje ut av små handrørsler. Barna har ein veldig fantasi som gjer at det er lett å dra dei med. Det gjelder berre om å sleppe seg laus saman med barna, for dei kan dette betre enn vaksne. Ei krune kan vere alt som skal til for at barnet er heilt inne i si eiga fantasiverden.

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: