Det er ikkje enkelt å gå på bjørnejakt; det er mange hindringar ein må forbi før ein endeleg ser hiet og bjørnen, og på toppen av alt så er det jo ganske skummelt.

Denne boka er basert på den tradisjonsrike regla om dei som skulle på bjørnejakt. For å kome til bjørnen må dei gjennom svaiande gras, ei djup og kald elv, gjørme, ein mørk skog og ein ekte snøstorm. Først etter alle desse strabasane kjem dei fram til den tronge, skumle hola. Lurer på kven som bur inni ho?

Teksten er musikalsk og taktfast og lett å lese høgt. Orda er grafisk sett opp på ein måte som underbyggjer teikningane og bileta. Medan sjølve hindringane er skildra i svart-kvitt, er teikningane fargerike når dei kjem seg over den djupe elva eller gjennom den tette skogen.

Teksten inneheld også fine lydskildringar, anten det er av borna som snublar og ramlar i skogen eller trør seg gjennom sørpe, eller det er av snøstormen som bles rundt dei. Dette er lydar som er enkle å illustrere med leik og handling.

Biletboka gjev også dei minste lesarane ei god oppleving av ei spanande ferd gjennom eit variert landskap. Boka høver truleg best for dei mellom 3 og 6 år.

 Vi skal på bjørnejakt

Av Michael Rosen og Helen Oxenbury

Omsett til norsk av Åse Enerstvedt

Mangschou 2013

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: