Treng du lesetips til juleferien? Her er nokre av dei bøkene som var mest populære i året som har gått.
På lista over dei mest utlånte bøkene, tronar Jeff Kinney sin serie En pingles dagbok framleis på topp, skriv NRK. Den åttande og nyaste boka om pingla Greg Heffley på norsk, Tøffe tider, kom ut i år. Den ligg ikkje på topp blant dei utlånte, men derimot av dei mest selde. Boka passar for dei mellom 9 og 13 år.
Hakk i hel kjem Dustedagboka og Ylvis-brødrene si bok; Hva sier reven.
Ei bok som har vore populær sidan den kom ut i 2009, er Bjørn Rørviks og Gry Moursund si prisbelønte Bukkene Bruse på badeland. Historia om bukkane som eigentleg skulle til sæters for å feite seg opp, men enda på badeland, egnar seg best for dei mellom 4 og 8 år.
Årets yndling hjå norske kritikarar er Kari Stai si bok Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake, som i mars blei tildelt Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok. Boka handlar om bestevenene Jakob og Neikob, ein som er optimist og ein som er pessimist, og fekk også Brageprisen i fjor . Figurane har allereie blitt både tv-serie og teaterstykke, skriv NRK.