Bli med på ei fargerik og magisk reise. Bente Bing Kleiva og Per Olav Kaldestad skapar eit eige univers av eit slentrande, poetisk og fantasifullt språk.
Bjørnar Brumle dinger på døra og seier det er leiketid, medan Nina er blåaugd og glitreaugd og ser på verda under lang lugg. Kven veit kva dei kjem til å oppleve?
Historia er fantasirik og utforskande. I teikningane til Even Bøthun kjem borna fram i fotografisk form, noko som gjer både borna og forteljinga ekstra levande. Ein kan lett assosiere historia med liknande forteljingar, der born reiser inn i ei ekte fantasiverd, og der alt kan skje.
Teikningane er store, fargerike og levande. Teksten er enkelt plassert på sidene og fungerer godt i samspel med teikningane. Språket er poetisk og musikalsk i forma, til og med havregrauten til frukost får eit eige poetisk særpreg i denne boka. Og tenk at det går an å hoppe paradis mellom vasspyttane!
Det poetiske språket er også med borna ut i det store verdsrommet, der månen voggar i stjernesjø og mjølkevegen sender stjerneskot over borna. Det er godt gjort å dyrke eit så lyrisk språk utan å gå i mange klisjéfeller.
Boka passar best for dei mellom 6 og 9 år.
Kribledagar
Bente Bing Kleiva og Per Olav Kaldestad
Illustrert av Even Bøthun
MARGbok 2013