Fleire av litteraturhusa våre har eigne barneprogram i vår. Her kan du sjå deler av det.
På Litteraturhuset i Bergen kan du blant anna få med deg litteraturkafè for barnefamiliar kvar laurdag. Her blir det også i god laurdags-tradisjon servert graut og saft.
Litteraturhuset i Oslo har til og med eit eige barneprogram for våren. Her kan du få med deg Ludde fyller tretti år, Odd Nordstoga held konsert og Svein Nyhus les høgt frå Hva sier reven? I tillegg blir det blant anna harde og morsomme fakta om kropp og tal, Pelle Politibil og Sauen Shaun på storskjerm, og Liv på lørdag med gode barnebokmøte.
Også på Litteraturhuset i Fredrikstad står barna i sentrum på laurdagane. I laurdagsprogrammet Boller og bøller kan barna få gjere spanande eksperiment, sjå magiske triks, spele skodespel, teikne eller høyre ei ny bok. Utover våren blir det også høgtlesing av fleire gode barnebøker på laurdagane.