Kva gjer ein når nokon stel i klassen? Kvifor vil nokon gjere seg til tjuv? Og kva skjer når Emma blir veldig god veninne med den nye jenta i klassen, Amalie? Var det ikkje Hanna og Emma som skulle vere gode venner?
Dette er femte boka som Bente Bratlund har skrive om dei to veninnene, Hanna og Emma. I bøkene er det alltid to, lettleste og fine historier. Grafisk blir historiene skilde ved at dei startar frå kvar sin ende av boka. Det gjer at begge leseopplevingane blir som nye, og sterke fargar og illustrasjonar skil også historiene frå kvarandre.
Bøkene til Bratlund handlar om kvardagslege utfordringar, om vennskap, om vanskelege kjensler. Det er ikkje så lett å forstå at Silje stel frå klassevennene sine fordi foreldra skal skilje seg. Det er heller ikkje så lett å forstå at den nye jenta i klassen Amalie plutseleg blir perlevenn med Emma, Emma er jo besteveninna til Hanna, er det ikkje slik lenger?
Mange av desse kjenslene og opplevingane kan vere vanskelege å setje ord på, og dei kan skape avstand mellom vennene og mange vanskelege samtalar og situasjonar. Mange av borna vil lett kjenne seg att i desse problema, og korleis vennene klarere å løyse dei.
Bøkene passar best for dei mellom seks og ni år, og blir utgitt på Mangschou.
Judith Sørhus Litlehamar