Årets Falturiltufestival, 2. – 7. november, har fantasylitteratur som hovudfokus og med på laget på den åttande nynorske barnebokfestivalen har dei Lene Kaaberbøl, Lars Mæhle, Kristine Tofte, Asbjørn Rydland og Tor Arve Røssland som representantar for sjangeren.
Den danske fantasydronninga Lene Kaaberbøl blir å treffa på Stallturiltu (bok- og hestefest) og på festførestillinga, søndag 2. november. Årets musikaloppsetjing ved Høgskulen Stord/Haugesund er basert på Kaaberbøl si gjennombrotsbok Skammarens dotter, og same bok blir utgangspunkt for ei utstilling laga av sjetteklassingar i stordskulen.
«Eit musikalsk tekstgeni» har Ragnar Hovland kalla songaren og låtskrivaren Tønes. 2. november får ein endeleg oppleva han på Stord.
Legendariske Erik Solér kjem til årets Ballturiltu (bok- og fotballfest), saman med forfattar Ragnfrid Trohaug. På Talturiltu (bok- og matte) vil Arild Stubhaug presentere sin biografi om matematikaren Niels Henrik Abel, Skjulte kodar.
Prisvinnande Gyrid Axe Øvsteng vil lesa for dei minste under bok og beibi på Kringla konditori , og det blir skulebesøk ved Terje Torkildsen, Linn T. Sunne, Asbjørn Rydland, Lars Mæhle, Atle Hansen, Arnt Birkedal, Per Jan Ingebrigtsen og debutanten Janne Nerheim. Kristine Tofte og Trio Vest vil også samarbeida om ei førestilling basert på Tofte sitt storverk Song for Eirabu.
Fantasy og fantastisk litteratur vert også grundig belyst gjennom det faglege seminaret, som i år går to dagar. Stord kulturskule vil både ha eigen konsert og bidra med andre innslag på festivalen.
Falturiltu 2014 vert avslutta med ein fest for dei vaksne med Linda Eide og Finn-Erix med gjester.