Kvifor er kulturformidling til barn viktig?
Teater utviklar sosial kompetanse
I eit samfunn prega av prestasjon, perfeksjon og måling, blir kulturformidling for born og unge endå meir viktig.
Kulturen er ikkje berre ei plattform for å sjå og høyre dei tidlause historiene – (dei som varer uansett kor ustadig verda rundt oss blir) – den gir òg rom for undring, nyskaping og innleving.
Som skodespelar opplever eg korleis historier og framsyningar set igang refleksjon og interessante spørsmål hos borna. Når eg arbeider som teaterinstruktør, er det dessutan givande å sjå kor viktig det er med både deltaking og medbestemming for denne aldersgruppa. Elevane får utfalde seg kreativt, både fysisk og mentalt, og i tillegg til dette, får dei utvikle eigenskapar som sjølvstende og samarbeidsevne, som er sentralt i teaterarbeid.
Teater handlar om ulike sider ved livet, og om samspelet mellom menneske. I tillegg til det reint kunstnarlege, er difor teater ei kulturform som utviklar sosial kompetanse.
Kultur skapar kreativitet. Kreativitet er grunnlaget for innovasjon. Politikarar og styrande instansar må passe seg for å ikkje motarbeide eige ynskje om innovasjon, men leggje til rette for at den oppveksande generasjonen blir rusta for skapande prosessar. Born og unge treng mindre måling – og meir utfalding!
Kristine Rui Slettebakken er skodespelar og lydbokinnlesar og Drama – og norsklærar ved Jessheim VGS