Lurer du nokre gonger på kven som lever på havets botn? Her får du svaret! I denne boka møter me mystiske og eventyrlege figurar som Bella Blåskjel, Rikarda Reke og Gloria Glassmanet.

Boka som fortel om livet i sjøen, er full av små underfundige dikt med rim som på mange måtar minner om regler. Trass i nokre tvangsrim somme stadar, har likevel dikta ein god musikalitet og rytme som gjer dei lette å hugse. Medan Karelius Krabbe naskar litt snadder i garnet, leiar Gloria Glassmanet eit eige lite kor som syng i boblande prakt.

 

Reglane er eventyrlege og mystiske,  i tillegg gir språket mange utfordringar for både dei yngste og dei litt eldre lesarane.  Her kan det bli mange gode spørsmål om vanskelege ord og setningar, kva er til dømes eigentleg ein racerbåtbråkepropell? Undring er eit godt utgangspunkt, både for å finne ut meir om kva det lyriske språket betyr, og ikkje minst kva som finst på havbotnen og i vasskanten.

Illustrasjonane er gode og kreative. Her brukar Rikarda Reke både neglelakk og leppestift, medan Bella Blåskjel har fått seg briller. Det er berre fantasien som set grenser for barna sine historier som kan kome fram undervegs om desse figurane.

Av: Lisbeth Dreyer

Illustrert av:  Per Ragnar Møkleby
Skald 2014

Lik Framtida.no på Facebook: