Wenche With debuterer med ei spanande god natt – forteljing som passar best for dei mellom tre og seks år.

 

Wenche With gir oss oppskrifta på korleis ein kan fange den skumle haien som gøymer seg på soverommet og kjem fram akkurat når du skal sove. Haien som har skarpe tenner og som dukkar opp når du eigentleg skulle sove søtt.

Men ingen fare, når barnevakta til vesle Puddingen viser seg å vere ein ekte monster-kokk. Pia veit nemleg forskjellen på vanleg hai og vriomhai, ho veit at ein treng berre eit glas vatn og ei sitron for å lage ekte hai-te.  Og haien på soverommet til Puddingen går sjølvsagt rett i fella.

Teikningane er akkurat så mørke og skumle som dei skal vere for å halde oppe spenninga i historia, samstundes forstår nok også dei minste lesarane at haien eigentleg ikkje finst.  Innimellom dei mest dramatiske teikningane ser me også Puddingen og Pia på kjøkkenet, med ei ause som våpen og eit dørslag som hjelm.

Dei fleste av oss har vel høyrt rare lydar og sett skumle skuggar etter leggetid. Denne boka gir oss oppskrifta på korleis ein kan ufarleggjere det heile. Kanskje blir det litt lettare å sove etter denne historia?

Av: Wenche With
Illustrert av Jens Kristensen
Mangschou 2014

Lik Framtida.no på Facebook: