Skulestartfest på Skodje bibliotek.

 

– Har de sett i-boksen min? Eg kan ikkje finne han nokon stad! Tenk om det har vore ein ordtjuv her som har teke i-boksen? Åneii, sjølvaste i-boksen. Der hadde eg samla alle dei brillefine orda på i. Som is, til dømes. Eller Ivar! Eller i-en i Luriiiiivar!

-Det er stas å bli registrert og få sitt eige lånekort på biblioteket
-Det er stas å bli registrert og få sitt eige lånekort på biblioteket
Det er Lurivar, agent ordspion av Aasen-tunet, som snakkar. Det vil seie, eigentleg er det Karoline Isachsen som gir stemme til han i kveld, i framsyninga «Oppdrag alfabet». Vi er i Gomerhuset på Skodje, der biblioteket og barnehagane har gått saman om å invitere til skulestartfest på biblioteket. Rundt femti born og hundre vaksne har merksemda retta mot den turkise og blå ordspionen på scena.

– Dette arrangementet er ei fin markering av den viktige overgangen mellom skule og barnehage, og viser foreldra ein stor ressurs dei har i biblioteket, fortel bibliotekar Kari B. Kvernberg etter framsyninga.

– Skodje er ein av fem kommunar som har «Nynorske lesefrø»-prosjekt i år, og som jobbar mykje med nynorsk barnelitteratur. Det er biblioteket som driv prosjektet i samarbeid med Nynorsksenteret. Biblioteket set saman bokkasser som rullerer mellom barnehagane. Nokre stader prøver dei også ut mini-utlån til heimane frå barnehagane. Alt for å stimulere til bruk av dei nynorske barnebøkene, slik at borna får høyrt mykje nynorsk tekst bli lesen høgt for dei før dei skal ta til på skulen. Det er viktig å minne både dei vaksne i barnehagane og foreldra på å velje nynorske barnebøker for å gjere borna trygge på språket sitt.

Etter framsyninga med Karoline og Lurivar fekk borna gymposar med biblioteket sin logo på, med mellom anna lånekort til biblioteket i. Det er tydeleg at det er stor stas å få sitt eige lånekort! Servering av frukt og bokstavkjeks høyrer med, og eit bord med nynorske lånebøker.

– Jippi, her er ei bok om Storemonster og Veslemonster som eg ikkje har lese før! utbryt ei av jentene. Ein av gutane tek opp «Hokus Pokus 1-2-3» og fortel at den har dei lese ofte i barnehagen. Nynorske lesefrø har bore frukter. No er borna klare for å starte for alvor med å samle både bokstavar og ord, slik som Lurivar.

Lik Framtida.no på Facebook: