For knappe to veker sidan starta verdas første nynorske barnebokhandel på Stord – småbyen som kallar seg verdas største nynorskby.
I fjor skreiv Framtida.no at fleire forfattarar reagerte på at dei nynorske barne- og ungdomsbøkene var gøymde vekk i bokhandlarane på øya.
– Bokhandelen er eit svar på reaksjonane til forfattarane og responsen til publikum, seier Trond Leirvik Onarheim, festivalkoordinator for Falturiltu.
Salet av bøker går over all forventing, fortel han. No nærmar dei seg 300 selde bøker.
Roald Kaldestad, festivalleiar, musikar og barnebokforfattar
Barnehage: Olof og Lena Landström Bø og Bæ (alle bøkene, men om eg må velja) får besøk
1.-4.klassing: Hans Sande Arkimedes og brødskiva
5.-7.klassing: Janosch Med tigeren og bjørnen til Panama (samlebok)
8.-10.klassing: Maria Parr Tonje Glimmerdal (bildet)
Anna R. Folkestad, illustratør og barnebokforfattar
Barnehage: Trude Tjensvold – Bo flyttar ut
1.-4.klassing: Lars Mæhle – Harry og Ivar bøkene
5.-7.klassing: Ragnar Hovland – Elefantmusikken
8.-10.klassing: Lars Mæhle – Landet under isen
Trond Leirvik Onarheim, festivalkoordinator
Barnehage: Øyvind Torseter og Kenneth Steven – Historia om korleis hunden fekk våt snute
1.-4.klassing: Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer – Dronninga kallar
5.-7.klassing: Ruth Lillegraven – EG ER EG ER EG ER
8.-10.klassing: Brynjulf Jung Tjønn – Så vakker du er
Hege Myklebust, høgskulelektor
Barnehage: Anna R. Folkestad: Henrik And
1.-4.klassing: Vegard Markhus: Epleslang (meir første enn fjerde), Roald Kaldestad: 269 dagar (heile gruppa)
5.-7.klassing: Robert Muchamore: Rekrutten (også som teikneserieroman, for dei som slit med å lesa mykje tekst)
8.-10.klassing: Ingelin Røssland: Englefjes
Jane Jünger, påtroppande kommunikasjonssjef på Den Nationale Scene
Barnehage: Bjørn Sortland – Zara og dei – Gorillahjerne til middag
1.-4.klassing: Bjørn Sortland – Raudt, blått og litt gult (biletbok med Lars Elling)
5.-7.klassing: Lene Kaaberbøl – Skammarens dotter
8.-10.klassing: Bjørn Sortland – 12 ting som må gjerast rett før verda går under