Dette viser tal frå Barnehageundersøkinga til Pirion og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
22 prosent av barnehagane kjøpte inn meir enn 20 bøker i 2016.
Berre 2,5 prosent av barnehagane seier at dei kjøper inn fleire bøker på bokmål enn før. Tre av ti barnehagar seier dei kjøper inn færre bøker enn tidlegare.
Saknar fleire bøker på nynorsk
Seks av ti barnehagar har no over 150 barnebøker. Fire av ti svarar at under 15 prosent av barnebøkene deira er på nynorsk. Like mange svarar at 15-30 prosent av bøkene deira er på nynorsk.
På spørsmål om kva som skal til for at barnehagane skal bruka meir nynorsk, så svarar mesteparten av dei spurte fleire barnebøker og meir bevisstgjering.
256 barnehagar har svart på undersøkinga som gjekk ut til 728 barnehagar i nynorskkommunar og språkdelte kommunar.
KOMMENTAR: Rett til nynorsk i barnehagen