Svenske og danske pedagogar er overraska over korleis norske barn endrar dialekt under rolleleik.
Ingunn Gjærde
Ingunn Gjærde
alt
Trude Hoel. Foto: UiS

Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Trude Hoel, har forska på barns munnlege forteljingar. Ho seier til Aftenposten at eit dialektskifte når barn leikar markerer overgangen frå vanleg leik eller samtale til rolleleik.

– Dei kler seg ut med språket, og dei hermer etter det dei blir mest eksponerte for, forklarer ho.

Austnorsk er det dei fleste eller alle kjenner, frå eksponering frå Barne-TV og liknande.

På austlandet går det i engelsk og svensk

Aftenposten skriv at på Vestlandet, i Nord-Norge og i Trøndelag fortel tilsette i barnehagar at barna byrjar å prate austnorsk under rolleleik.

Situasjonen er ein annan på Austlandet. Der endrar ikkje barna dialekta. Dei byrjar heller å plukke opp enkelte ord og uttrykk frå England og Sverige.

Hoel veit ikkje om det er noko særnorsk fenomen, men kollegaar frå Danmark og Sverige kan fortelje at dei ikkje har sett noko som liknar i sine eigne heimland.

Viser språkleg kompetanse

Ifølgje Hoel er det positivt at barna byter dialekt og språk på denne måten.

– Det vitnar om at barnet er merksam på språklege og dialektmessige variasjonar og nyansar. Det krev ein viss språkleg kompetanse for å gjere dette og er ferdigheiter barnet kan ta med seg til skule og vidare læring av norsk språk og framandspråk, seier Hoel.

Ho presiserer at foreldre ikkje treng vere det minste redde for at dialekten til barna blir fortrengt.

– Det kan heller ikkje sjåast på som at austnorsk er «riktigare» eller blir sett på som finare, seier ho.

Oppdatert: fredag 12. oktober 2018 20.50