Nynorsksenteret trekkjer ut premiar til dei som sender inn rim og regler til bruk i barnehage og skule.
Nokre barnehagar brukar små vers, rim eller regler knytt til spesielle situasjonar, som påkledning, stell, uteleik, ved matbordet, i skogen og andre stader. Nokre regler er på ei linje, medan andre har mange vers. Felles er at barna synest det er kjekt å lære dei og å kunne dei utanåt.
– Vi håpar at mange sender inn eitt eller fleire bidrag til oss slik at fleire kan få inspirasjon til å bruke nye eller gløymde rim og regler. Vi håpar å få bidrag frå heile landet. Inga regle er for lita, og inga er for stor, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein, rådgjevar ved Nynorsksenteret.
Både i gjeldande rammeplan og i den nye som gjeld frå 1. august 2017 vert rim og rytme knytt til språkstimulering. I den nye Rammeplan for barnehagen står det mellom anna at personalet skal «oppmuntre barna til å fabulere og leke med språk, lyd, rim og rytme».
– Rim og regler er fine både for det sosiale aspektet og for å leike seg med språket, skriv Anne Marta Vinsrygg Vadstein til Pirion, og deler denne regla med oss:
Ormen lange
kraup som ein slange
under eit gjerde.
Tok seg ei pære.
Delte ho i to.
Ver så god!”
Send inn bidrag inn til anne.marta@nynorsksenteret.no innan 15. mai 2017!
– Vi trekkjer ein vinnar blant dei innsende bidraga, som får ein bokpakke på tre nynorske barnebøker. To andrepremiar får ei bok kvar.