Korleis kan vi utvikle repertoaret for å auke song- og musikkgleda, og samstundes arbeide med språkstimulering? spør Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nynorsksenteret.
Anne Marta V. Vadstein, Nynorsksenteret
Anne Marta V. Vadstein, Nynorsksenteret

For ikkje mange vekene sidan vart det publisert forsking frå HiOA som viser dei tjue mest brukte songane i norske barnehagar.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelærar og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Dette er uslitelege barnesongar med nokre fellestrekk: Det er enkle songar i dur, i to-takt, om tema som kroppen, dyr og fuglar. Barnehagen er ein overføringsarena for tradisjonar, og mange legg stor vekt på å syngje songar som ein veit at heimane også kan.

Kanskje er det også slik at nokre songar blir sett på som nærast «heilage» i norske barnehagar, og at det er særleg viktig å kunne desse songane etter nokre år i barnehagen.

I den ferske fagboka «Nynorsk med dei minste» skriv Lena Skjerdal om songen i barnehagen. Ho peikar på kor viktig det er at songrepertoaret i barnehagen ikkje er statisk, men at det er i utvikling og må brukast aktivt for å kunne haldast ved lag. Det er tid for å sjå nærare på kva for songar vi brukar i barnehagen, og korleis vi kan utvikle repertoaret for å auke song- og musikkgleda og samstundes arbeide med språkstimulering.

Rammeplanen seier at personalet skal (…) tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer (R17, s. 49). Barnehagen skal også ta omsyn til lokale, nasjonale og internasjonale perspektiv, og at det skal formidlast kulturuttrykk, som bøker og songar, frå notid og fortid.

Tilbake til «Topp 20-lista» over barnehagesongar. Det er ei nokså einsarta liste, både når det gjeld kor tid dei vart laga (stort sett før 1960), språk og stil. I tillegg speglar songane dårleg mangfaldet i samfunnet. I Barnehageundersøkinga til LNK i fjor kom det ikkje fram kva songar som vert brukte i barnehagar i nynorskområde, men erfaringane til Nynorsksenteret er at repertoaret ikkje skil seg så veldig frå «topp 20-lista» til HiOA.

Mange barnehagar fortel at dei ønskjer å bruke nynorske variantar av dei kjende songane, men at det blir rart om dei berre spontanomset og byter ut bokmålsorda med ord på nynorsk. Setningsoppbygginga er annleis og rim og rytme stemmer kanskje ikkje heilt. Kanskje bør ein ha som mål å bruke fleire originale nynorske songar? Under finn du tips til kvar du kan finne både originale og omsette variantar som er fine å bruke i barnehagen. Her er også innspelingar som ein kan bruke som akkompagnement eller i innøvinga av nye songar.

Song og musikk stimulerer talespråket, men det er også eit møte med ein skriftleg tekst, som gjerne kan syngast slik han står. Det å syngje songar på nynorsk og på dialekt er med på å utvikle ein nynorsk språkidentitet. Eit gjennomtenkt basisrepertoar sikrar at borna får møte varierte songar om ulike emne, det stimulerer musikkgleda og språket. Meir om dette i neste Pirion.

Refleksjonsspørsmål til personalgruppa:

  1. Kva tid og i kva samanhengar syng vi i barnehagen vår?
  2. Har vi ein tanke med dei songane vi vaksne vel?
  3. Kva vil vi behalde av songar i repertoaret vårt, og kva treng vi av nye songar?

Kjelder til inspirasjon:

  • Nynorske songbøker på nett, med songar, tekstar og lydinnspeling:

www.tunkatten.no (Ivar Aasen-tunet)

www.songboka.no (Kvinnherad mållag)

  • Lag eigne songkort som de laminerer og tek vare på, og fyll på etter kvart som de tek i bruk nye songar. Slik blir det tydeleg kva songar de brukar mykje, og enklare å sjå om det berre er bokmålssongar, til dømes.

Referansar:

Aftenposten: https://www.aftenposten.no/familieogoppvekst/20-sanger-gar-igjen-i-norske-barnehager-Flesteparten-er-laget-for-1960-10691b.html?spid_rel=2

Skjerdal, Lena: Syng nynorsk i barnehagen! I Bjørhusdal&Brügger-Budal (2017): Nynorsk med dei minste. Oslo, Samlaget.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.35

Lik Framtida.no på Facebook: