Kva dreier rosa kompetanse seg om og kvifor treng me eigentleg det?
Rikke Fredheim Næss
Rikke Fredheim Næss

Rosa kompetanse handlar om å tileigne seg kunnskap om kjønns- og seksualitetsmangfaldet dagens samfunn har – som er utruleg viktig kunnskap for dei som jobbar med menneske, spesielt innan barnehage- og skulesektoren. Denne viktigheita er større enn ein trur.

I dagens samfunn er mangfaldet betrakteleg større enn før. Kjønn, normer og identitet er omdiskuterte tema om og for barna. For nokre er dette tema som kan vera vanskeleg og tabubelagt å snakke om.

Men om kjønns- og seksualitetsmangfald ikkje blir teken på alvor er det barna som må tole konsekvensane.

Barnehagelærar og lærarar generelt treng rosa kompetanse for å vera trygge og inkluderande vaksne – som igjen skapar trygge og inkluderande barn.

Barn utviklar identiteten sin tidleg, og det finnest ingen fasit for korleis barnets identitet utviklar seg til å bli. Ein må la barna få utvikle seg sjølv og finne ut av sin eigen identitet  – ikkje sette dei i ein bås basert på kjønn, der dei ikkje har handlingsrom til å utvikle eigen identitet. Ein skal la barnet få moglegheita til å vere seg sjølv.

Født sånn – blitt sånn


For ein er veldig raskt ute med å definere og å «kjønne» barnet. I barnehagen er det lett for å begrense valmoglegheiter basert på om det er gut eller jente. Gutane får valet om å leika med bilar, jentene får leika prinsesser. Kva om den fem år gamle gutten heller vil vera prinsesse med jentene?

Ein blir satt i bås frå tidleg barndom av, basert på kva kjønn ein er født med. Lite gjer meg meir glad når eg ser gutar få kle seg i kjolar og jenter få leika med bilar – og gleda dei har av å få lov til det.

Som vaksen har ein forventningar for kjønnet, og når desse forventningane ikkje blir nådd opp blir ein gjerne stressa. Fordi normene seier noko, og barnet viser noko anna. Ein set barna i ein vanskeleg situasjon ved å putte dei i eit mønster som kjennest trygt. Eit mønster der barnet blir fortalt kva som er greitt og ikkje. Eit mønster der barnet blir fortalt kva det vil seie å vere gut eller jente.

Om du er gut spelar du fotball og går i blått. Er du jente leikar du med barbie og går i rosa. Det er det tradisjonelle, kjente mønsteret. Men ikkje alle passar inn i eit sånt mønster. Difor er det viktig at barnehagelærar har eit større perspektiv på barnets mangfald innan kjønnsidentitet, og at ein tidleg tek i mot barnet for det det er og for det det blir.

Trygt språk

Vaksne er bevisste på språket sitt, og har ulike måtar å snakke på til gutar og jenter. Jentene får ofte høyre at «så søt du var no» medan gutane får høyra at «no var du skikkeleg tøff». Vaksne har lett for å legge press på kjønnsstereotypiar i måten ein snakkar til og med barn. Det er difor viktig å ha rosa kompetanse i bakhovudet – slik at ein motverkar stereotypiane. La barnet få oppleve å bli verdsatt og inkludert for det det er.

Eit trygt språk inneber at ein er bevisst på korleis ein ordlegg seg, at ein har gode verdiar og haldningar ovanfor andre, som påverkar barna på ein positiv måte – og skapar inkluderande barn.

Nødvendig i barnehagen?

Barnehagen er pålagt å fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering. Dette krev reflekterte barnehagelærarar som ser barnets behov og har kunnskap til å hjelpe og fremje dette kjønns- og seksualitetsmangfaldet.

Det er lett å undervurdere barnets tankegang, men barn ser og høyrer, og forstår raskt kva normer som gjeld. Ja, rosa kompetanse er høgst nødvendig i barnehagen.

Barna skal få oppleve trivsel, meistring og kjensle av eigenverd – ikkje føle på utanforskap. Trygge vaksne skal tidleg førebyggje krenking og mobbing, som så mange barn fortsatt blir utsett for i dagens samfunn.

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 20.48

Lik Framtida.no på Facebook: