Roboten Nao leikar med ord og omgrep saman med barna slik at dei blir gode i norsk før skolestart.
Ragnhild Thomsen Thornam, Statped
Ragnhild Thomsen Thornam, Statped

Grorud og Drammen er arenaar for to små prosjekt som undersøker om robotar kan vere til nytte i språkopplæringa. Dette er truleg nokre av dei første forsøka i Noreg på å bruke robotar i språktrening.

– Vi nyttar teknologi som allereie finst og gjer han brukarvenleg, seier gründer Hege Eiklid i Innocom AS, som leverer roboten i prosjekta.

Teknologi gir store moglegheiter for å tilpasse opplæringa til barn med særskilde behov. Statped støttar kommunar og fylkeskommunar i å skape tilrettelagte og inkluderande læringsmiljø og følger difor nøye med på korleis teknologi kan nyttast på nye måtar.

– God pedagogisk bruk av robotar opnar opp nye og spanande moglegheiter. Det kan bidra til variasjon i opplæringa, og ikkje minst vere veldig motiverande for barna, seier seniorrådgjevar Sølvi Ellefsen i Statped.

Lære ord og omgrep

Bydelen Grorud i Oslo har mange tiltak som handlar om språktrening. Svært mange av barna held på å lære seg norsk som sitt andre språk. I 2017 fekk kring 40 prosent av alle elevar på første trinn i bydelen vedtak om særskild norskopplæring.

For å snu trenden driv no bydelen systematisk språkopplæring i barnehagane. Barnehagane ser på nye metodar som kan gjere treninga morosam og til ein leik, slik at barna synest det er gøy å øve på språk.

I vinter har Ammerudgrenda barnehage vore med på eit prøveprosjekt for å sjå om det er nyttig å bruke robot i språktreninga. Barnehagen nyttar ein metode for å trene dagleg på høgfrekvente ord og omgrep i korte økter. Kvar dag i to veker var roboten Nao med når barna jobba med ord knytt til rom i huset, mellom anna baderommet.

Nao er 60 centimeter høg og reiser seg sakte når han får sleppe til. Spesialkonsulent Sigbjørn Haugestøl frå bydel Grorud styrer teknikken. Stemma til Nao er mekanisk, men lett å forstå:

– I dag skal vi snakke om vask og kran. Kva veit vi om vask og kran? spør Nao og innleier ei økt der barna assosierer kring omgrepa. Fagpedagog Jon Sundsbø leier økta.

Nokre avgrensingar

Så vil Nao at barna skal repetere ord:

– No skal vi spele eit spel. Eg vil at du tenker på baderom og dei orda vi har lært. Eg kjem til å be deg om å peike på det biletet som viser det ordet eg seier. Når du har funne det riktige biletet, skal vi øve på å seie ordet, seier Nao.

Fire bilete frå baderommet kjem opp på ein storskjerm. På oppmoding frå Nao peiker barna på vask og seier plasseringa til biletet slik at Sigbjørn kan trykke på det. Nao rosar barna for innsatsen.

Deretter ber Nao barna om å seie ordet, slik at dei kan øve på å uttale det. Dei roper ut ordet vask, men Nao er laga slik at han treng ein tenkepause før han kan lytte til svaret. Dette er ei av avgrensingane i roboten, for barna er ivrige og vil helst ikkje vente før dei svarer.

Motiverer og inkluderer

Ein viktig funksjon til roboten Nao er å fascinere og motivere barna slik at dei ikkje går lei av leik med ord om omgrep.På førehand har forskarane i prosjektet observert språktreninga utan bruk av robot, slik at dei har noko å samanlikne med.

Inntrykket er at barna er meir engasjerte og deltakande når Nao er med.

– Roboten er spanande på ein annan måte enn dei vaksne. Han er liten, søt og ufarleg, og barna er trygge på korleis roboten reagerer, seier forskar Kristin Skeide Fuglerud ved Norsk Regnesentral.

Saman med kollega Ivar Solheim evaluerer ho utprøvinga for å sjå om det er aktuelt å gå i gang med større forskingsprosjekt på robotar i språktrening. Utprøvinga er støtta av Noregs Forskingsråd og Regionale Forskningsfond Oslofjorden.

Det ser også ut som om fleire barn engasjerer seg i språktreninga når Nao er med. Barn som normalt er passive under språktreninga, deltek no aktivt.

Det synest språkpedagog Tonje Grymyr i bydel Grorud er interessant å sjå.

– Å lære nye ord og omgrep krev mykje repetisjon. Ein robot kan kanskje gjere arbeidet meir morosamt og motiverande, seier Grymyr og held fram:

– Foreløpig gjer roboten delar av treninga, men vi vil sjå på om han kan gjere meir etter kvart. Roboten skal ikkje erstatte det vi allereie gjer i språkarbeidet, men vere eit tillegg og ei forsterking.

Repetere og forstå

I Drammen har Nao vore brukt for å teste om robotar kan vere nyttige i språkopplæring for barn med autismespekterforstyrringar. Dette er eit pilotprosjekt i regi av Frydenhaug skole- og ressurssenter.

Også her har deltakarane møtt Nao med entusiasme og engasjement. To gutar med utfordringar i autismespekteret har øvd på ord og omgrep saman med roboten. Dei har tidlegare fått intensiv språktrening i barnehagen. No forsøker prosjektet å finne ein god måte å vidareføre denne språktreninga på småtrinnet i skolen.

Forskarane er nøgde med det dei observerer.

– Målet med å bruke robot er å få fleire verktøy å spele på. Roboten ser ut til å fenge og kan bidra til meir systematikk i treninga, seier Fuglerud.

Utprøvingane på Grorud og i Drammen har vore så lovande at forskarane no ønsker å forske vidare på bruk av robot i språktrening.

Denne saka er skrive for Statped, og først publisert på Forskning.no!

Oppdatert: laurdag 6. oktober 2018 21.03