– Ingunn Thons strålande litterære debut Ollis blei i rekordfart seld til fleire land. At boka no også skal ut i eitt av verdas viktigaste bokmarknadar, er stort. Ei engelsk utgjeving er også ein viktig døropnar for at boka skal nå endå fleire språkområde, seier Evy Tillman, litterær agent i Oslo Literary Agency i ei pressemelding frå Samlaget.
Boka er så langt seld til 6 språk: dansk, engelsk, georgisk, italiensk, tyrkisk, tysk.
– Stor dag
– Det kjennest som ein skikkeleg stor dag, seier forfattar Ingunn Thon.
– Eg hadde ikkje trudd at Ollis skulle ende opp i dei britiske barnebokhyllene, som rommar så mykje fint. Ho kjem til å vera i ekstremt godt selskap!
Ingunn Thon arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Barne-TV. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.
Les bokmeldinga av Ollis: «Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»