høyr!
kviskrar stien
hausten spring
gjennom skogen
stel sommaren
og kjem med
vinteren
og sjå!
gule lauv ligg og
lyser på bakken
det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut
Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina?
Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga Eg er eg er eg er skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen – og inn i poesien.
Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.
Det blir lansering av boka under poesifestivalen i Ulvik, laurdag 8.september.