Neikob, er du lei deg?
– NEI, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.
Etter denne starten drar Jakob og Neikob på leit etter Alle Andre på landjorda, i havet og i verdsrommet. Det blir ei spennande reise. Men også ei tankevekkande historie om å ta vare på seg sjølv – og ikkje minst å vera fornøgd med seg sjølv.
Jakob og Neikob – og Alle Andre burde koma på pensum når livsmeistring blir ein del av dei nye læreplanane. Og fleire enn barn i barnehagen og småskulen burde få lesa denne morosame og tankevekkande boka.
Det er ti år sidan den første Jakob og Neikob-boka til Kari Stai kom. Første boka vann Kulturdepartementet sin debutantpris, og andreboka Tjuven slår tilbake vann Brageprisen for 2012.
Årets bok er den femte i rekka. Etter mi meining er det også den beste – og den som fortener størst publikum av alle.