Kva bok på nynorsk berre elskar du? Kva var mest spennande og kva bok fekk deg til å le mest? Eller kanskje var boka god på ein heilt annan måte?
– Me skal kåra dei beste nynorske bøkene innanfor fleire sjangrar, blant anna bildebøker, forteljingar, romanar, diktbøker og faktabøker. Då treng me hjelp av born, unge og vaksne over heile landet til å nominera sine favorittar, seier redaktør Svein Olav Langåker i Framtida.no og Framtidajunior.no i ei pressemelding.
Kåringa er i samarbeid med Pirion, og Nynorsksenteret er med å velje ut dei nominerte bøkene. Første nominasjonsrunde varer fram til 3. april. Frå 29. januar kan kven som helst gå inn på Framtidajunior.no og Framtida.no og nominera sine favorittar.
SEND INN FAVORITTBØKENE DINE HER! eller på epost til nynorskbok @ gmail.com
Stort samarbeid
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har fått 500.000 kroner frå Nasjonalbiblioteket til feiringa av Bokåret. Saman med Nynorsk kultursentrum, Garborgsenteret, Falturiltu, Nynorsksenteret, Diktardagane og Rom for ord skal LNK, Framtida.no og Framtidajunior.no gi eit løft med gode lese- og litteraturopplevingar på nynorsk.
– Saman skal me arrangera barnebokveker med 50 arrangement 50 stader i Noreg, og me har som mål å treffa fleire tusen barn og unge, seier Svein Olav Langåker som er prosjektleiar for prosjektet.
Har behov for å lesa bøker på nynorsk
76137 born lærer nynorsk som førstespråk i grunnskulen dette skuleåret. Om lag 35000 born går i barnehagar i nynorskområde.
Ny forsking frå professor ved UiT Øystein Vangsnes viser at nynorskelevane, og då særleg gutane, har behov for å lesa vesentleg meir nynorsk. Norskkarakterane deira har gått markert ned dei siste ti åra.
– Born med nynorsk som opplæringsmål treng å lesa mykje meir nynorsk for å bli tryggare skrivarar, understrekar Torgeir Dimmen, senterleiar ved Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.
Kvalitetsstempel
Dei nynorske barnebøkene markerer seg langt sterkare enn den prosentvise delen av utgivingstalet, både på listene over slike innkjøp, når litteraturprisane blir delte ut og når utanlandske forlag kjøper rettar til omsetjing.
– Målet med kåringa er å visa fram alle dei gode bøkene på nynorsk til endå fleire barn og vaksne som kan formidla dei til barna, seier redaktør Svein Olav Langåker.
Med denne bakgrunnen vil eit stort lag av nynorskinstitusjonar og -organisasjonar bruka Bokåret 2019 til å fremja lesing til flest mogleg barn og unge.