Stiftinga Miljøfyrtårn og barnehagestiftinga Kanvas har samarbeidd om å utvikla ein ny sertifiseringsmodell for barnehagesektoren som gjer det både enklare og meir relevant for barnehagar å sertifisera seg som Miljøfyrtårn.
mm
Fakta: Kanvas
  • Kanvas er med sine 66 barnehagar Noregs største barnehagestifting med ideelle formål.
  • 1200 medarbeidarar har ansvar for 4000 barn.
  • Kanvas driv etter ideelle prinsipp og tar ikkje ut utbytte.
  • 50 prosent av dei tilsette i Kanvas-barnehagane barnehagelærarutdanning.
LES FAKTALUKK FAKTA

No har både hovudkontoret til Kanvas og alle dei 66 barnehagane blitt Miljøfyrtårnsertifisert gjennom ein hovudkontormodell. Hovudkontormodellen flyttar ein del av rapporteringa til hovudkontoret, slik at barnehagane i større grad kan fokusera på miljøpedagogikken med barna.

– Hovudkontormodellen gjer sertifiseringen enklare for alle partar, samtidig som dei tilsette i barnehagane kan bruka meir av tida si på miljøarbeidet med barna og arbeidsmiljøet i barnehagen, seier miljøansvarleg i Kanvas, Leif Roberg i ei pressemelding.

Etter inspirasjon frå Vinmonopolet har Kanvas utvikla sitt eige digitale Miljøovervakningssystem som gjer både rapporteringa og oppfølginga av dei ulike parametrane enklare for både hovudkontoret og barnehagane.

På bildet: Mariam Moradi, Emrik Asskildt Ombudstvedt, Oda Voll, Sofie Ciri Duskova saman med Stine Wennberg Vintervoll frå Miljøfyrtårn. Foto: Kanvas

Miljøpedagogisk arbeid med barna i barnehagen

Eit av hovudmåla for miljøsertifiseringa av barnehagane er å vekka forvitenskapen til barna, utforskartrang og lyst til å læra om miljø og bærekraft.

– Barna er framtida og det er avgjerande å gi kunnskap og skapa engasjement for bærekraft allereie i barnehagealder, seier dagleg leiar i stiftinga Miljøfyrtårn, Ann-Kristin Ytreberg.

På bildet: Emrik Asskildt Ombudstvedt, Mariam Moradi,Norah Sheriffdeen, Sofie Ciri Duskova og Oda Voll saman med Guri Melby (V). Foto: Kanvas

Håper fleire barnehagar lèt seg inspirera

– Det er kjempebra at Kanvas går føre og blir sertifisert som Miljøfyrtårn på denne måten.

– Først og fremst bidrar det til at tusenvis av barn blir meir klima- og miljømedvitne gjennom at miljø blir endå sterkare vektlagt i kvardagen, og for det andre bidrar det til at verksemda blir meir berekraftig, seier Guri Melby (V), stortingsrepresentant i Utdanningskomiteen på Stortinget.

Ambisjonen med prosjektet er å gjera det enklare for andre barnehageaktørar som ønsker å redusera sitt fotavtrykk og utvikla miljøarbeidet i barnehagen.

I september vil stiftinga Miljøfyrtårn lansera ein idébank for barnehagar på nettsidene sine, der dei i samarbeid med Kanvas har samla saman gode pedagogiske miljøtiltak som tilbyr barn i barnehagane omgrep, inntrykk og opplevingar som bidrar til haldningane og handlingane deira knytt til miljøvern og berekraftig utvikling.

– Eg håper Kanvas kan inspirera andre barnehageeigarar til å sertifisera barnehagen, seier Melby til.

Oppdatert: torsdag 12. september 2019 09.03

Lik Framtida.no på Facebook: