Marit O. Kaldhol blir å treffa gjennom heile festivalveka, blant anna under danseframsyninga Ho som ror, i Stord kulturhus søndag 3. november. Dette er eit samarbeid mellom Spinae og Stord kulturskule.
Teaterelevane i kulturskulen står også bak framsyninga, Ho som ror vidare. Elevar og lærarar ved barnehagelærarutdanninga på HVL har laga opplevingsløypa Frø, basert på Kaldhol si bok med same tittel og det blir bokbad med Kaldhol og Anders Totland ved alle dei tre ungdomsskulane i Stord kommune.
På Stord vidaregåande vil også Kaldhol bli bokbada, og musikklina stiller med musikalske innslag.
LES OGSÅ: Marit Kaldhol blir festivalforfattar
Gjenferdsdans
Ungdomsskulane på Fitjar og Tysnes får bokbada ungdomsbokforfattarane Terje Torkildsen og Ingelin Røssland. Torkildsen blir også å treffa på ungdomsklubbane på Husnes og Litlabø.
For ungdom blir det også Koleragrøss, ved A. Audhild Solberg og gjenferdsdans ved Stord kulturskule, på Kolerakyrkjegarden, torsdag 7. november.
For dei minste kan ein trekka fram Bok og pølse, ved Stord folkebibliotek, 2. november. Her blir det opplesing ved Marianne Gretteberg Engedal og sjølvsagt pølser!
På Stallturiltu (bok- og hestefest) på Tyse Hestesportsenter, søndag 3. november, kan ein både ri, sjå rideoppvisning og få ei innføring i Dyras beste sjekketriks med Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn.
Fotball og bøker
På Ballturiltu (allereie fullt) vil rundt hundre born få trena med Olaug Tvedten og Dan Riisnes på Solidbanen, og høyra Atle Berge lesa om Birk og Barcelonagjengen i klubbhuset. Berge er også aktuell med roman om Alexander Kielland-ulukka, og denne vil han presentera for vidaregåande elevar på Kværner, tysdag 5. november.
Månelandinga er 50 år og det feirar me sjølvsagt med bursdagsfesten Falturilthurra!
Forfattarane Pia Strømstad og Anders Totland fortel om månelandinga og andre ville ekspedisjonar, og det blir servering av månekake!
For dei vaksne har me også fleire kjekke arrangement. Rune Belsvik fyller 40 år som forfattar, og under Klassikartimen vil han samtala med sjølvaste Helge Jordal om debutboka, Ingen drittunge lenger. Dette blir første del av Stord mållag sin årvisse vaksenbokkveld. Ragnar Hovland vil i tillegg lesa frå si siste bok, og det blir servering av fingermat. Siri Økland og Sigbjørn Apeland kjem til Stord kyrkje med sitt musikalsk-litterære program Den tid, den song. Dette er eit samarbeid med Stord sokneråd.
Marit Eikemo besøker Stord folkebibliotek med siste boka si, Hardanger.
Utstillingar og seminar
Det blir festivalutstillingar med Rune Markhus i Galleri Günther, og ved Fitjar vgs, Kunst og handverk i Stord kulturhus.
Dei som er interesserte i litteraturformidling, bør også få med seg Falturiltuseminaret 2019. Her blir det fokus på ungdomsbøker. Gjester og innleiarar i år er Nina Aalstad (tidlegare redaktør for U-bok), Bjarte Bakken (Uprisen/ Foreningen !Les), Elen Betanzo (forlagsredaktør og forfattar), Hanna Bovim Bugge (Leser søker bok), Marit Kaldhol (festivalforfattar), Berit Rokne (rektor Høgskulen på Vestlandet), Svein Slettan (førsteamanuensis UiA), A. Audhild Solberg (forfattar), Terje Torkildsen (forfattar) og Eivor Vindenes (Leser søker bok).
Fleire konsertar
Det blir også musikk, og til opningskonserten, med Eva Weel Skram, 1. november er det no berre få billettar igjen. Fredag 8. november blir det avslutningskonsert med Hovland og Tomrens popleksikon. Ragnar Hovland og Bjørn Tomren («Polka-Bjørn») inviterer sine musikalske vener på scenen, og lovar innslag av både trekkspel, ukulele og strupesong under ein svært personleg gjennomgang av høgdepunkt frå pop og rockhistorien.
Alle barneskulane i Stord kommune får også forfattarbesøk.