Stordforfattar Anna R. Folkestad har to bøker blant dei ti mest lånte barnebøkene utgjeve i 2020, ifølgje utlånstala til biblioteka i Stord, Fitjar og Tysnes.

– Det er veldig kjekt at lokale lesarar set pris på dei knallgode forfattarane me har på Stord og i Sunnhordland, seier barne- og ungdomsbibliotekar Camilla Ruhs ved Stord folkebibliotek.

Før sommaren kjøpte biblioteket inn fleire bøker i serien «Visste du at?». Anna R. Folkestad kom tidlegare i år med tre bøker i denne serien, utgjeve på Samlaget. No har biblioteket kjøpt inn endå fleire bøker for å møta den store interessa.

Les intervju med Anna R. Folkestad: Klar med tre nye bøker – med god hjelp frå Noelle (9)

Her er dei ti mest lånte barnebøkene i Fitjar, Stord og Tysnes:

  1. Operasjon Lurifaks av Jørn Lier Horst
  2. Kråkesøstrene av Malin Falch
  3. Jack og Zita må redde verden av Ben Hatke.
  4. Visste du at …? Godteri av Anna R. Folkestad
  5. Gutta i trehuset dør (nesten) av sine egne vitser av Andy Griffiths
  6. Visste du at …? Taco av Anna R. Folkestad
  7. Guttegærne Stacey av Gale Galligan
  8. Ned i dypet av Hans Jørgen Sandnes
  9. Alle bitene passer sammen av Judd Winick
  10. Hundemannen er på ball av Dav Pilkey
Oppdatert: tysdag 11. august 2020 11.49

Lik Framtida.no på Facebook: