Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny ordning for å få fleire produksjonar.
mm

– Berre ein liten del av forslaga DKS mottek er på nynorsk. Det ynskjer me å endra på! seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken i ei pressemelding.

– Norske elevar fortener at me legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle elevar. Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Derfor er eg glad for at me har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, held han fram.

Etterlyser fleire utøvarar

Alle som har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen kan søkja om ein plass i opplegget. Det gjeld både dei som vanlegvis brukar nynorsk, og dei som ønskjer å endra arbeidsspråket i prosjektet sitt.

Fire til seks prosjekt blir valde ut til å vera med. Desse får støtte og hjelp til å jobba vidare med prosjektet sitt gjennom samarbeid med Seanse, senter for kunstproduksjon, som ligg i Volda.

Samarbeidet skjer gjennom eit kunstnaropphald der prosjekta får rettleiing og støtte til både vidare utvikling av form og innhald, og i å nytta nynorsk som arbeidsspråk. Tapt inntekt som følgje av kunstnaropphaldet vil bli dekt av ordninga med ein fast takst, i tillegg til reise og andre utgifter.

Utfordra frå vest

Seksjonssjef for kulturformidling i Vestland fylkeskommune, Siri Ingvaldsen, er svært glad for at Kulturtanken har starta dette prosjektet.

– Det er eit veldig flott og verdifullt prosjekt, seier ho.

Prosjektet har blitt til i samarbeid mellom fylkeskommunane Vestland, Vestfold og Telemark og Møre og Romsdal, i tillegg til Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda.

Øyvind Sunde Høstaker ved seksjon for kulturformidling i Vestland fylkeskommune. Foto: Solfrid Bygstad

Øyvind Sunde Høstaker frå seksjon for kulturformidling i Vestland fylkeskommune er leiar for arbeidsgruppa for det nye prosjektet til Kulturtanken.

– Me utfordra Kulturtanken på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar for halvtanna år sidan, og spurte dei om dei kunne gjera noko for å få fleire nynorske produksjonar, fortel han.

Øyvind Sunde Høstaker trekk fram «Les for livet» med manusforfattar Lars Mæhle som ein slik kvalitetsproduksjon han vil ha fleire av.

Den har vore på turné i Agder, Buskereud, Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Her har Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret vore med på å utvikla læremateriell og oppgåver til framsyninga.

Vil sikra god kvalitet

Øyvind Sunde Høstaker seier det er eit mål å utvikla fleire nynorske DKS-produksjonar av veldig god kvalitet og pedagogisk godt utvikla.

– Målet er at produksjonane skal bli så gode at skular over heile landet skal ønskja seg dei uavhengig om at dei er på nynorsk, seier han til Pirion.

Søknadsfristen for utlysinga er 15. desember.

Øyvind Sunde Høstaker er også leiar for juryen som skal velja ut kva produksjonar som skal få nynorsk utviklingsstøtte.

Han fortel at dei ser etter dei som har potensiale for å laga gode nynorske produksjonar. Det kan òg gå til utvikling av eksisterande produksjonar som kan lagast på nynorsk.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelektor og jobbar på Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Nynorsk i bruk i alle kunstformer

Anne Marta V. Vadstein er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og Nynorsksenteret, og har positive forventningar til prosjektet:

– Nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken er viktig, både for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål, og gjev elevane erfaringar med nynorsk i bruk i alle kunstformer. Den kulturelle skulesekken når ut til elevar i heile landet, og utøvarane kan bidra til å auke den språklege sjølvtilliten og bevisstheita til elevane, skriv ho i ein epost til Pirion.

Oppdatert: sundag 22. november 2020 18.56