Utdanningsforbundet Vestland meiner det er viktig å kjempe for gode og likestilte rettar i det som gjeld bruken av eins eige skriftspråk.
Roar Ulvestad, lektor i norsk og tillitsvald i Utdanningsforbundet
Roar Ulvestad, lektor i norsk og tillitsvald i Utdanningsforbundet

Vestland fylke har ansvaret for den overveldande majoriteten av elevar som har nynorsk som hovudmål. Det er difor naturleg at vi som Utdanningsforbundet Vestland tar ei aktiv rolle i å kjempe for gode og likestilte rettar i det som gjeld bruken av eins eige skriftspråk.

Utdanningsforbundet Vestland meiner det er viktig å kjempe for gode og likestilte rettar i det som gjeld bruken av eins eige skriftspråk. Dette bør vi gjere på dei naturlege arenaane vi har som tillitsvalde, frå plasstillitsvald sitt nivå og heilt til topps i organisasjonen. I eit samfunn der den språklege majoriteten nyttar bokmål, vil vi stadig ha utfordringar for å gje skriftspråket vårt den plassen den skal ha, og fortener.

Nynorskfylket

Vi i Utdanningsforbundet Vestland er i den samanheng glade for at vi har med ein representant i «Nynorskfylket Vestland», eit nettverk med aktørar både frå det offentlege, næringslivet, sivilsamfunnet og kulturlivet. Vi har med Turid Strømmen, som har lang erfaring både som nynorskbrukar, lærar og tillitsvald, og er veldig glade for at vi har ho med i dette viktige nettverket. Dette er eit engasjert nettverk som tek tak i både kortsiktige og langsiktige perspektiv for å trygge og styrke bruken av nynorsk.

I tillegg har vi sjølvsagt ein god pådrivar i Noregs Mållag, som alltid gjer nynorskstemma gjeldande i små og store spørsmål som gjeld språket vårt.

Utestemme frå vest

Ei av dei store utfordringane i dag er at dei brukargrensesnitta som vi bruker i programvare og nettlesarar i liten til ingen grad tek omsyn til nynorskbrukarar. Ikt-bransjen nyttar bokmål og engelsk, og brukar ikkje ressursar på breidda i norsk språk. Dette har vi høve til å gjere noko med. Vi har mellom anna på trappene ei ny opplæringslov, der det er fullt høve til å lovfeste eit krav om at datamaskiner og programvare må reknast som læremiddel, og difor falle inn under kravet om å tilby like god kvalitet på nynorsk som på bokmål.

Vi håper at dette kjem med i reelt framlegg til ny opplæringslov som kjem no i vår, men vi veit det ikkje. Utdanningsforbundet sentralt har ikkje prioritert dette i sine tilbakemeldingar til det arbeidet som vart gjort i fjor med Opplæringslova, og om vi skal få det med i endeleg lov, avheng det av tilrådingar med utestemme frå vest. Denne dynamikken er òg skildra i dette innlegget frå i fjor.

Ordføraropprør

I påvente av at det skjer noko med ny opplæringslov har det heldigvis blitt teke andre og prisverdige initiativ. Det har no gått ut eit brev, underskrive av 108 ordførarar, som vil stille språklege krav til tilbydarar av digitale varer til bruk i skulen. Initiativet til brevet er teke av mållaga i Ørsta, Volda, Stranda og Ulstein. Oppropet er organisert av Nynorsk kultursentrum, Noregs Mållag, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Til vår glede ser vi at språkpolitikk fenger på tvers av andre politiske skiljeliner, noko som viser kor viktig det er.

Brevet går til Google, som er den desidert største aktøren innanfor pedagogisk programvare, og som og sel Chromebook, som er den mest populære datamaskinen for elevar. Ordførarane krev at Google har eigne språkversjonar for nynorsk av programvare og appar på G Suite for utdanning, inkludert program for tekstbehandling, rekneark, presentasjonar, kalender, videomøte og e-post, Google Chromebook og Google Classroom, og at det vert utvikla nynorske retteprogram som har same kvalitet som på bokmål.

Utdanningsforbundet Vestland roser og støtter dette initiativet, og står samla om standpunktet at ei utvikling der nynorsk språk ikkje er med på ferda, er ei diskriminerande og fattig utvikling som vi ikkje vil ha. Her kan du lese meir om oppropet som går til Google, og vi oppmodar alle til både å følgje med i utviklinga, og ta del i debatten, når den kviknar til med ujamne mellomrom. På tide med fyr i bålet.

Innlegget blei først publisert på Utdanningsforbundet sine heimesider.

Oppdatert: onsdag 10. februar 2021 11.20

Lik Framtida.no på Facebook: