Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og POETISK.
mm

– Me gler oss til å oppleva Aina Basso både på scena og i skulane! Ho vil blant anna fortelja om dødsstraffa i Noreg og andre historiske skikkelsar. Ho er rett og slett ei glitrande formidlar med særs fin røyst, fortel Trond L. Onarheim i Falturiltu i ei pressemelding.

Prisvinnande forfattar

Basso fekk i 2022 tildelt Samlagsprisen, der juryen påpeika at «Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skriva historiske romanar frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia».

Aina Basso er utdanna historikar, og sjølv om bøkene hennar legg vekt på å vera historisk korrekte, så står dei på eigne bein som drivande gode skjønnlitterære verk.

For ungdomsromanen Inn i elden blei Aina Basso nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris.

Ho har dei seinare åra skrive bøker om heksejakt i Europa og korleis det var å vera eit uønska barn i Kristiania under hundreårsskiftet. Dei dødsdømde, som kom ut i fjor blei òg nominert til Brageprisen i klassen sakprosa for barn og unge.

Tjuvstartar på Vossa Jazz

Allereie i april vil Aina Basso opptre på Vossa Jazz, der ho kjem til Badnajazz i Voss kulturhus laurdag 1. april. Vossa Jazz har nett sleppt programmet sitt – ein fullstappa godtepose av velsmakande artistar – og Falturiltu er glade for å vera ein del av dette spennande programmet.

Den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu er den største litteraturfestivalen for barn- og ungdom i Noreg i talet på arrangement – og ein av dei mest besøkte. Kvar haust kan du bli med på feiring av barne– og ungdomslitteraturen i 10 ulike kommunar i Vestland og Rogaland fylke.

Lik Framtida.no på Facebook: