To nye bøker om sopp presenterer vilt forskjellige inngangar til eit sjeldant rikt tema.
Ingrid Senje
Ingrid Senje
Fakta

Cover image

Sopp ein hal!
av Unni Vik og Rune Markhus (ill.)
Sakprosa for barn
Gyldendal 2025
34 sider

Cover image

Se opp for sopp!
Torgeir Rebolledo Pedersen og Inger Lise Belsvik (ill.)
Dikt/sakprosa for barn
Solum Bokvennen 2025
45 sider

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Sopp! Eit nærmast utømmeleg tema, som er blitt møtt med veksande interesse dei siste åra – både i form av soppguidar om hausten og vitskaplege artiklar om dei mykologiske nettverka under jorda.

Og jammen er det nok å hente i eit tema som både kan skape middagsglede rundt bordet og få deg til å ende opp på sjukehus – som kan få brødet ditt til å heve seg og danne grunnlaget for apokalyptiske zombieseriar.

Dermed er det kanskje ikkje så rart at det i 2025 har kome ut to nye bøker for barn og unge med ordet sopp (og utropsteikn!) i tittelen – Unni Vik og Rune Markhus’ Sopp ein hal! og Torgeir Rebolledo Pedersen og Inger Lise Belsviks Se opp for sopp! To bøker som begge har soppillustrasjonar i for- og baksatsen og sakprosa i sjangernemninga, men som likevel er svært forskjellige bøker.

Lesaren som detektiv

La oss byrje med Sopp ein hal! Dette er Viks andre faktabok for barn, etter Kan bakteriar bæsje? – underlege fakta om dei aller minste organismane på jorda, illustrert av Tiril Valeur, som kom ut i 2022. Med dei to utgivingane ser Vik ut til å ha funne seg ein nisje i sakprosa for barn-segmentet, der ho vekkjar nyfikenheit for biologifeltet ved å ta utgangspunkt i dei aller minste, usynlege bestanddelane av organismane på jorda.

Illustrasjon av brødskive med gjærsoppsporer.

I Sopp ein hal er det ikkje bakteriar, men sopp det handlar om – men ikkje den vanlege steinsoppen eller kantarellen. Her er det først og fremst snakk om den ørvesle, usynlege soppen, den som får brødet til å heve seg eller som får tre til å rotne. Gjennom seksten oppslag syner Vik fram både det rike livet til desse små organismane og korleis vi kan kjenne att spora av dei i naturen som omgir oss. Slik gjer ho lesaren til ein slags forskar i lag med forteljaren, eller, slik Markhus illustrerer det, ein slags sopp-detektiv.

Oppslaga i Sopp ein hal! består stort sett av store illustrasjonar omgitt av små tekstbolkar, med mykje luft rundt seg, slik at informasjonen ikkje blir overveldande. Boka er illustrert av Rune Markhus, og signaturen hans med retro-aktige fargekontrastar og store, reine fargeflatar er lett attkjenneleg allereie frå dei første sidene. Heller enn dei klassiske, forklarande illustrasjonane vi ofte finn i sakprosabøker, har Markhus valt seg ein leiken tilnærming til temaet, og illustrasjonane tar ofte form av metaforiske framstillingar av det som blir skildra i teksten – til dømes sprengkrafta til soppen.

Illustrasjonar av ein mann som studerer soppsporer i eit mikroskop, og ei jente som fyk energisk ut av senga si.
Frå «Sopp ein hal!»

Balansen mellom enkelt og overflatisk

Unni Vik har sjølv ein doktorgrad i mikrobiell økologi frå Universitetet i Oslo, og jobbar til dagleg som førsteamanuensis ved barnehagelærarutdanninga på OsloMet. I arbeidet med Sopp ein hal har ho i tillegg fått med seg førsteamanuensis i mykologi Synnøve Smebye Botnen som fagkonsulent. Den solide fagkunnskapen deira skin gjennom heile vegen i boka, samstundes som den enkle og kortfatta teksten er godt tilpassa ei målgruppe av yngre lesarar med spirande biologiinteresse.

Nokre plassar skulle eg likevel ønskje at vi fekk gå litt djupare, eller at presisjonsnivået var litt høgare. Til dømes blir bruken av uttrykket «dei små, makkforma dyra» meir forvirrande enn forklarande. Kva slags dyr er det eigentleg vi snakkar om her, om det ikkje er makk? På same vis kunne eg ønskt meg eit tidsoverslag når vi snakkar om soppdynamitt – for kor fort går eigentleg denne prosessen, samanlikna med vanleg dynamitt?

Å finne den gylne middelvegen mellom å gå for mykje i detalj og å vere kortfatta og interessevekkande, er elles ei vanskeleg øving, og slik eg les boka, søkjer ho først og fremst å vere ein inngangsport til eit større og meir komplekst tema. Dette synest eg Sopp ein hal lykkast godt med.

Illustrasjon av bittesmå soppsporer som omgir jenta.
Frå «Sopp ein hal!»

Soppguide i diktform

Tittelen på den andre boka – Se opp for sopp! – er til forveksling lik tittelen Sopp ein hal!, men er noko heilt anna. Forfattar Torgeir Rebolledo Pedersen og illustratør Inger Lise Belsvik er begge ringrevar i bransjen – Belsvik som barnebokillustratør og -forfattar, Rebolledo Pedersen som poet og barnebokpoet. Både Rebolledo Pedersens leikne diktarstil, med lite respekt for tradisjonelle rimskjema og strengt formspråk, og Inger Lise Belsviks mjuke og uttrykksfulle teiknestil er lett attkjenneleg også i denne boka, som i pressemeldinga blir presentert på denne måten: «en bok som er både underholdende og lærerik, skrevet for barn – men med en absolutt appell til lesere i alle aldre.» Se opp for sopp! framstår med andre ord som eit trygt val for sopp- og bokinteresserte småbarn, men: Kva slags bok er det eigentleg vi har med å gjere?

Illustrasjon av gut som plukkar kantarell.
Frå «Se opp for sopp!»

Se opp for sopp! er ei bok det er vanskeleg å få tak på. På omslaget blir boka presentert som ein hybrid mellom dikt og sakprosa, ein slags soppguide i diktform, kanskje? Og det finst faktakunnskap om sopp i boka – både om kjenneteikna til ulike soppartar og soppane dei kan forvekslast med, og om symbiosen mellom sopp og trær. Samstundes blir fakta heile vegen blanda med tull og oppspinn, slik at boka vanskeleg let seg nytte som soppguide eller lærebok, og dermed ikkje blir særleg «lærerik». Kanskje fungerer ho betre som rein diktbok?

Illustrasjon av bruksområde for sopp: til ballspel, til å setje knivar i, mot angst for ulvar.
Frå «Se opp for sopp!»

Lille frøken kantarell

Dikt om sopp kan gjere djupt inntrykk – sjølv hugsar eg framleis gleda av å kunne synge Anne-Lise Gjerdrums Lille frøken kantarell på sopptur i skogen, og det er med denne songen friskt i minne eg tar fatt på dikta til Rebolledo Pedersen. I byrjinga av samlinga presenterer Rebolledo Pedersen det som verkar vere bokas poetikk: «plukk aldri sopp du ikke er helt sikker på / på sånne er det sunnere å rime / som jeg gjør nå / på for eksempel fluesopp». Vidare er fleire av dikta dedikerte til ulike soppartar, mens andre følgjer ein friare form, og omhandlar til dømes kvar ein finn sopp eller kva tankar ein kan gjere seg på sopptur.

Vel og bra, men når eg forsøker å få tak på rytmen i dikta, byrjar det ganske fort å skurre. For korleis skal ein eigentleg lese desse linjene høgt for eit rim- og rytmeelskande barn? «nok en ekkel sak / som har fått navnet bringebærslim / slimsopp er no’ gørr / men alle har naturlig smak / så da sier vi vel alle nei til / kunstig godteri.» Og kva med denne gjentakinga, er ho eigentleg intensjonell? «Hvem skyr på YR / hvert tegn til regn? / Det gjør vi / for vi er firfirsler og skyr på YR / hvert tegn til regn.»

Illustrasjon av ein sky som regnar på steinsopp.
Frå «Se opp for sopp!»

Lite fruktbar rimleik

Å bryte med strenge rimskjema eller å leike med diktsjangerens verkemiddel kan vere både fruktbart og interessant, men i dette tilfellet klarer eg ikkje la vere å tenkje at samlinga kunne ha trengt ei strengare redigering, både på setningsnivå og heilskapleg sett, og at tekstane framstår som venstrehandsarbeid frå ein elles dyktig poet. Samanhengen mellom dei er i beste fall laus, og fleire av tekstane blir meir fabulerande tankereferat enn eigentlege dikt. Illustrasjonane til Belsvik er livlege og lette å like, men lykkast ikkje i å utvide tekstrommet til Rebolledo Pedersen tilstrekkeleg eller i å heve utgivinga dit ho burde vere.

Dermed fell Se opp for sopp! litt mellom stolane i begge sjangrar – for tullete og sprikande til å kunne reknast som sakprosa, og for poetisk ujamn til å lykkast i diktsjangeren. Kanskje lenar boka seg litt for tungt på dei veletablerte forfattar- og illustratørnamna på omslaget?

Illustrasjon av gut som et eit soppmåltid.
Frå «Se opp for sopp!»

Soppdikt eller sakprosa?

Se opp for sopp! og Sopp ein hal! er såpass ulike bøker at dei blir urettferdige å samanlikne. Mens Sopp ein hal! gjer eit dykk ned i ein del av mykologifeltet vi sjeldan får høyre om, tilbyr Se opp for sopp! ein meir leiken tilnærming til sopptemaet. To utgivingar som på kvart sitt vis tar tak i eit spennande tema. Om eg skulle lagt éi bok under juletreet i år til eit soppinteressert barn, er det likevel ikkje tvil om kva for ei eg ville ha valt – Unni Vik og Rune Markhus’ Sopp ein hal.

Bokmeldinga er eit ledd i eit samarbeid mellom Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Barnebokkritikk (BBK). Samarbeidet inneber i praksis at vi sampubliserer 8 bokmeldingar i året på Pirion.no og BBK.

Oppdatert: tysdag 30. desember 2025 10.25

Lik Framtida.no på Facebook: