Dette er Rørvik og Dybvig sin niande roman saman. I 2005 fekk dei Kultur- og kyrkjedepartementet sin biletbokpris for samarbeidet deira. Og Tutomaten held truleg same nivået, den er både rufsete og sjarmerande, med ei morosam historie du heilt sikkert kjem til å leve deg inn i.

Me møter Reven og Grisungen. Reven har fått brev frå tanta si på Vestlandet om ei ny oppfinning: ein maskin som seier tut tut når ein puttar inn ei tomflaske. Reven og Grisungen vil gjerne lage sin eigen tutomat, men den skal derimot vere for fulle flasker som dei seinare kan drikke opp.

Det er ganske mykje tekst i boka, men samstundes er handlinga så konsentrert at det ikkje er så vanskeleg å fylgje med. Historia er også noko dei fleste av oss vil kjenne oss att i; me vil så gjerne skape noko andre har, og så går det kanskje ikkje heilt som planlagt til slutt. Her er eit vidt spekter av karakterar og levande skildringar. Den levande dialogen mellom Reven og Grisungen lyfter også historia opp og gjev eit godt utgangspunkt for høgtlesing.

Teikningane til Dybvig er godt kjende. Dei kan nesten sjå ut som enkle barneteikningar gjort i ein fei. Men det stemmer naturlegvis ikkje, her er både ein kraftfull strek og tydelege nyansar med små detaljer. Teikningane kan minne noko om teikneseriar, ikkje minst når Dybvig krydrar illustrasjonane med snakkebobler og mykje rørsle. Borna kjenner att dette språket – dei teiknar også sine første historier.

Tutomaten
Av: Bjørn F. Rørvik
Illustrasjonar : Per Dybvig
Cappelen Damm 2008

Lik Framtida.no på Facebook: