Ein dag vaknar jentungen Rikke Benkestokk opp og finn ut at ho ikkje finn seg i at brør er slemme, foreldre skal bestemme alt, og at det er krig i verda. Rikke er verdas viktigaste person, og verdas viktigaste person gidd rett og slett ikkje meir.  Denne giddeløysa spreier seg med stor fart til heile resten av verda, inkludert dei mytiske verdene Vallhall og Atlantis. ”Eg gidd ikkje meir!” kan ein snart høyre frå alle kantar.

Og med eit slik utgangspunkt så kunne dette blitt både spennande, fabulerande, provoserande og humoristisk. Dessverre blir det ikkje nokon av delane.

Som lesar blir eg derimot jaga frå side til side på leit etter ei forståing for kor denne historia eigentleg vil hen. Kva er det som gjer at når nyfødde babyar ikkje gidd kome ut av mora si, prestar ikkje gidd preike, Bollywood-songarar ikkje gidd synge eller fjellklatrar ikkje gidd klatre – ja så blir det fred i verda? Det er vanskeleg å sjå at det er nokon samanheng her, og det er heller ikkje så mykje som innbyr til vidare fabulering på eiga hand.

Det er synd. Illustrasjonane i boka er friske og dramatiske, og som lesar vart eg lokka av tittelen og omslaget til å tru at dette kunne vere noko så forfriskande som ei barnebok med eit feministisk forteikn. No kan eg ikkje skulde forfattaren for at eg tolka dette feil, men eg skulle verkeleg ønskt meg at Cornelius Jakhelln hadde teke barns store glede over å fabulere og dikte noko meir på alvor.

Rikke gidder ikke
Tekst: Cornelius Jakhelln
Teikning: Lars M. Aurtande
Damm 2008
Bokmål

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar