Går det eigentleg an å laga ei faktabok om stavkyrkjer for born? Etter å ha lese ”den vesle stavkyrkjeboka” må svaret verta ”ja”. Boka har i alle fall engasjert ein treåring her i huset så mykje at han også les boka på eigahand iblant. Det har nok litt med å gjera at ein grøn dinosaur (av alle ting) er gjennomgangsfigur, men likevel.

Boka tek for seg alle dei norske stavkyrkjene, med kart som viser kvar i landet dei er. Så lærer me om byggjemåte, malmfuru som byggjemateriale, utsmykking og innbu. Så får me læra meir om fem utvalde kyrkjer: Undredal, Borgund, Lomen, Nore og Urnes. Me får lesa om historia til kvar kyrkje, om dekorasjonar og kunstskattar og om særlege tradisjonar knytte til kyrkjene. Visste du til dømes at Undredal kyrkje var vigd til sankt Nikolas i katolsk tid, og at det framleis er sankt Nikolas-opptog gjennom bygda på minnedagen hans 6. desember? (Denne Nikolas er elles seinare best kjend som julenissen.)

Heile boka er illustrert og utforma på ein måte som gjer stoffet morosamt og lett å formidla. Denne faktaboka bør absolutt få ein sjanse som høgtlesingsbok for små born og dessutan som sjølvlesing for dei litt eldre.
Det er Grete Letting og Reidar Solberg som har skrive boka, og forlaget er Skald frå Leikanger.

Den vesle stavkyrkjeboka
Tekst: Grete Letting og Reidar Solberg
Bilete: Björk Barkadóttir
Skald forlag, 2007
Nynorsk

Lik Framtida.no på Facebook: