Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, bøker, kultur og identitet?
mm

«Alle barn har eit potensiale for å kunne like å bli lesne for. Høgtlesing vil eg setje to strekar under! », seier barnebok- forfattaren Maria Parr. – Men kva skal vi lese? Og på kva måte?

Dei nye, nynorske barnebøkene markerer seg med høg kvalitet og stort mangfald. I dette kurset ser vi nærare på kvalitet i tekst og bilde og korleis boka kan brukast i barnehagen eller i skulen.

Pirionkurs i Suldal mars 2009

Kursdagen kan tilpassast til ulike alderssteg og setjast saman på fleire måtar. I dialog med din skule eller barnehage finn vi fram til det innhaldet som er mest teneleg for dykk. Tips til leseaktivitetar og didaktiske opplegg, bokpresentasjonar og leselister, perspektiv på litterær kvalitet og gode leseopplevingar er aktuelle tema.

Pirionkurs i Vindafjord sept 2009Om kurshaldarane
Kurshaldarane me knyter til oss har lang erfaring innan folkemusikk, forteljing, drama og kulturliv generelt.

Me samarbeider òg med Nynorsksenteret og barnelitteraturformidlar, Janne Karin Støylen, som er eit unikum når det gjeld formidling av barnelitteratur.

Kurset skal:

• bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidla

• syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette

• gje praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid.

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar.


Kontakt:

Barnehagar, kommunar eller organisasjonar kan tinge kurset.

Ynskjer du meir informasjon og pristilbod kontakt Pirion v/ Svein Olav Langåker:
mob. 94 87 53 65 eller på pirion@pirion.no

Nokre kurs me har halde:

21. september 2009: Pirionkurs i Vindafjord kommune

Kurshaldarar: Anne Elisebeth Skogen og Janne Karin Støylen
Deltakarar: rundt 130 barnehagetilsette frå alle avdelingane i Vindafjord kommune.

4. mars 2009: Pirionkurs i Suldal i samarbeid med Suldal barnehagekontor.
Kurshaldarar: Forteljar Anne Elisebeth Skogen og folkemusikar Åshild Vetrhus
Deltakarar: Rundt 30 barnehagetilsette frå Karmøy, Tysvær, Suldal og Vindafjord

2. januar 2008:
Pirionkurs Stavanger Forum i samarbeid med Hillevåg bydel
Kurshaldarar: forteljar Heidi Dahlsveen og folkemusikar Unni Løvlid
Deltakarar: rundt 600 barnehagetilsette frå Rogaland

Om Pirion
Stiftinga Pirion står bak Pirion.no, kulturavisa for alle som jobbar med barn. Stiftinga blei oppretta av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Noregs Mållag.

Oppdatert: sundag 7. oktober 2018 11.03

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar