I år er det hundre år sidan Olav H. Hauge vart fødd. I samband med dette kjem det ut ein del nyutgivingar om forfattaren og diktinga hans. I tillegg kjem nokre bøker i ny drakt. I barneboka ABC har Olav H. Hauge skrive tekstane, medan kona Bodil Cappelen har teikna dei fyldige illustrasjonane. Boka kom første gang ut i 1986.

Dette er ein tradisjonell ABC, med eit vers til kvar bokstav. Teksten er skriven i blokkbokstavar, noko som gjer den lett å lese, også for dei som nett har lært seg lesekunsten.

Versa har også mykje rim og rytme, som gjer lesinga enklare og teksten lettare å minnast.  
Havet voggar blått og blankt.

 

Me skal sigla langt – langt!
Far seier jorda ho er rund
So me kjem att i same sund.

Tekstane er trygge, dei rører ved det heimkjære, enkle og kvardagslege. Her er ingen farlege tekstar eller ord. Og ikkje minst bygger dei rause, detaljrike og naturtru illustrasjonane opp under dette. Ofte er teikningane ikkje berre ein illustrasjon, men ein bakgrunn for teksten og ein del av handlinga. Ofte hadde ikkje teksten vore det same utan teikningane og dei sterke fargane. Det heile vert ei bok du har lyst til å lese, og som du ikkje minst har lyst til å lese høgt frå. Musikken i dikta gir teksten takt og tone.

Men kanskje kunne samlinga vore litt tøffare? Og ikkje fullt så snill?

ABC
Av: Olav H. Hauge og Bodil Cappelen
Samlaget 2008

 

Lik Framtida.no på Facebook: