Serien om dei to kompisane Prikk og Flekk er no komen opp i seks bøker, der ”Prikk og Flekk ser stjerner” og ”Prikk og Flekk på prikknik” er dei to siste.

Hovudpersonane er dei kanin-liknande (og eigentleg ikkje særleg pene) Prikk og Flekk, som bur i eit hus og steller med både kvardagslege og meir uvanlege ting. Den eine av dei to er, som namna seier, prikkete, og den hin er flekkete. ”Akkurat slik det skal vere”, som er fast opningssetning i bøkene. Og prikkar og flekkar er gjennomgangstema i alle forteljingane, anten det no er sølt deig, stjerner eller myggstikk det er snakk om.

Teikningane har mange detaljar, og bøkene kan lesast både på eit enkelt og eit meir detaljert nivå. Her i huset har bøkene fenga frå toårs-alder, men til dømes dei mange ordspela i bøkene kjem nok endå meir til sin rett for eldre born.

I ”Prikk og Flekk ser stjerner” er det stjernehimmelen dei studerer, og endå fleire stjerner vert det når dei skallar i kvarandre så dei svimar av. Då kjem ein flygande tallerken med ein sjølvlysande Prikk og skal låna ein hammar, og etterpå lurer Prikk og Flekk på om dei har drøymt alt saman i svima. Den faste avslutningsscena er i sofaen, der alle brikkane fell på plass og Prikk og Flekk er seg sjølve att.

alt”Prikk og Flekk på prikknik” handlar om dei to luringane på piknik og alle kryp og insekt dei kjem over – og som stikk dei. Alle bøkene sluttar med to sider fakta og gjer-det-sjølv-oppgåver, og i denne boka er det mellom anna insektfeller og info om prikkane til marihøna. Desse faktasidene gjer det lett å aktivisera ungane og å læra meir om temaet i bøkene, og er eit klårt pluss.

I det heile er ”Prikk og Flekk”-serien fin både som høgtlesing og aktivitetsbok, og eit populært innslag i bokhylla.

Prikk og Flekk ser stjerner
Prikk og Flekk på priknikk
Tekst og teikning: Lotta Geffenblad
Omsetjing: Jo Eggen
Mangschou forlag 2008
Nynorsk

Lik Framtida.no på Facebook:

Kommentarar