Lukas skulle så gjerne hatt ein olabil og spør pappa om hjelp. Dermed byrjar prosjektet med å byggje olabil. Arbeidet er så rikt illustrert gjennom boka at den nesten kan brukast som ei oppskrift for andre som har lyst til å prøve seg. Trinn for trinn er det skildra, både gjennom ord og teikningar, kva ein må gjere. Og teikningane er så nøyaktige og detaljerte at ein nesten kan få lyst til å byrje bygginga med ein gong. Dette er ei solskinshistorie, utan masing eller problem. Her reiser far og Lukas på butikken for å kjøpe det dei treng. Deretter byggjer dei olabilen utan problem. Kanskje for godt til å vere sant?

Uansett er boka god. Den er så rik på detaljar og nyansar i teikningane at den vert god lesing, både for liten og for stor. Og kven drøymer ikkje om ein eigen olabil? Og om at far har tid til å hjelpe? Om det skulle vere noko å setje fingeren på, måtte det vere at teksten kanskje ber litt vel preg av å vere ei oppskrift på olabil. Truleg må barnet vere ganske interessert for å halde lesegleda oppe gjennom heile boka. Men illustratøren skal uansett ha honnør for detaljane og dei nærast fotografiske teikningane.

Lukas bygger olabil
Av: Akin Duzakin
Samlaget 2008

 

Lik Framtida.no på Facebook: