Kven har sagt at det må moderne leiker til for å underhalde dei små? Ved Sverresborg Museum i Trøndelag inkluderer ein like gjerne ungane i alt frå svelebakst til skigard-bygging.

Friluftsopplevingar

På Byåsen i Trondheim ligg ein stor, moderne bygning i tre og glas. Innanfor dørene fins eit luftig lokale som kombinerer resepsjon, butikk og kafe. Bak butikken finn me Kreativt Verksted, eit rom der spedbarn og foreldre møtast til allsang to dagar i veka. På motsatt side finn me eit auditorium og inngangen til Sverresborg Museum si faste utstilling. Men for å oppleve det mest spennande, må me ut i friluft.

På baksida av det snart ti år gamle bygget ligg Trøndelag Folkemuseum; eit område som strekk seg over 150 dekar og inneheld fleire garder frå 1700- og 1800-talet. Ein heil ”gamleby” har fått plass innanfor museumsgrensene, det står dessutan ei sjarmerande gammal skulebygning her. I sommarhalvåret opnar kolonialen for dei besøkande og fristar med tradisjonsrikt sukkertøy. Samstundes ferierer griser, høns, sauer, kyr og kaniner i dei grøne omgjevnadane.

Vinterland

altDen dagen Pirion si utsending besøkjer staden, er det vinter. Nysnøen er kun nokre timar gammal, og det er fem veker til julaftan. Saman med avdelingsleier avdelingsleiar Ann Siri Hegseth Garberg pesar eg meg oppover bakkane frå museet sin hovudbygning til Meråker-garden Nesset. I dag er det open barnehage, og ti-tolv smårollingar kosar seg på tunet utanfor den vesle stova. Årets første snømann blir laga, komplett med raudbrunt kvisthår og haustblad som dekorasjon. Lyse, frydefulle kvin seglar gjennom lufta: Dette er toppen av lukke!

Inni stova har Kjerstin Myren Bjelland fått eld i den kvitmala peisen. Det knitrar godt. Bjelland er tidsriktig kledd i stakk og sjal. Ho ventar på at borna skal koma inn, for då skal dei syngje, danse og ete matpakkene sine. Vanligvis Vanlegvis byr ein på tradisjonskost laga med dei små som medhjelparar, men novemberkulda har ført til sjukdom i museumsstaben. Derfor blir det brødskiver i dag. Når eg spør kva dei har hatt på menyen tidlegare, er det sveler og komler som blir nemnt først.

Fritt fram!

Her på Nesset er det fritt fram for å både sjå og røre. Gjenstandane i huset er anten gamle bruksting eller reproduksjoner reproduksjonar av dette, men alt kan nyttast. I ein krok står ei gammal seng, og ved sida av den ei symaskin som har tilhøyrt formidlingsleiar Garberg si eiga slekt. Ull og garnnøster blir oppbevara i små korger, og kven som vil kan kare. På motsatt side av senga kan ungane flokke seg rundt ei kiste med eit heilt spesielt innhald: dusinvis av heimelaga dokker og bamsar. På det malte tregolvet er det lagt nokre skinnfellar som er mjuke og varme å sitje på.

Etter ei lita stund kjem borna inn. Dei tilhøyrer tre familiebarnehager familiebarnehagar i nærleiken som pleier å reise hit kvar veke for sosialt samvær, kulturopplevingar og kos. Bjelland samlar troppane og drar i gang ein musikkseanse. Borna, mange av dei har nyleg lært å gå, deltar aktivt i saong og klapping. Dei går i ring og heng med så godt dei kan, til orda ”Du halling, du halling, nå må du spise mykje graut, med honning, med honning, så vert du sterk og staut”.

Kulturell kapital

Førskulelærararne Bente Rodahl og Hege Strømsem er ivrige brukarare av museet sine tenester. Rodahl forklarer at dei kjem for å gi borna ein smak av gammal kultur. Nesset gard formidlar dette på ein utmerka måte slik at førskulelærararne slepp å sette seg inn i alt på eiga hand. Strømsem understrekar at det er viktig å få oppleve kulturen i praksis, i staden for berre å bli fortalt om den. Mange av museet sine tilsette er utdanna skodespelarar eller har studert historie, og er derfor godt kvalifiserte til denne typen formidlingsarbeid.
alt
På Sverresborg er det eit utal aktivitetstilbod. Ein kan for eksempel setje av heile dagen til aking i den fine bakken på området, dersom friluftsgleder ein dag skulle freiste meir enn baking, karing og sangsong. Ordet ”skjørtekant-pedagogikk” nemnast, noko som er eit godt bilete: I tidlegare tider var borna meir involverte i det daglege livet. Dei hang i skjørta på mor. I dag er dei fleste borna i barnehagen, og då er det viktig å ta vare på tradisjonane og sørgje for at kulturarva framleis vil møte forståing i generasjonane framover.

Gjenbruk og verdiar

Over ein kopp kaffi i museumskafeen Bagle fortel Garberg at ungane synest det er spennande med ”gamledagergamledagar”. For dei er det ei ny verd som opnar seg. Tidlegare har ho lagt merke til at leiketøysutstillinga som museet har hatt, har ført barneborn og besteforeldre saman. Borna synest det er morosamt å sjå kva folk leika med tidleg på 1900-talet, og for besteforeldrenae er det stor gjensynsglede knyttae til dei kjende og kjære gjenstandane frå ei svunnen tid. Men Garberg peiker også på noko anna: Gjennom å formidle hundre år gammal kultur inviterer ein dei vaksne til å snakke meir med borna sine om korleis det var å vekse opp før i tida.

I tråd med dette fører Sverresborg ei klar gjenbrukslinje. På gardane vert typiske leiker erstatta med handverks- og kjøkkenutstyr, og ungane saknar ikkje Playstation. Dei elskar å få delta, å få vere med å skape noko. Til sommaren blir det nye omgangar med kongledyr-, barkebåt- og kjepphest-produksjon, og borna deltar i alle kvardagsoppgåver: Dei sår poteter, ber ved og hentar vatn, snekrar, byggjer skigard, matar dyra og hoppar i høyet. Moralen er tydeleg: Gleden atreng ikkje å koste mykje, og born veks på å få delta i daglege gjeremål. Dessutan ligg det uvurderlige skattar i å sjå verdien i gamle ting, og i staden hive bruk og kast-mentaliteten på dynga.

Svensk-norsk pilotprosjek

Sverresborg Museum samarbeidar med Jämtland Läns Museum i Østersund om ei ny førskulelærarutdanning med eit langt breiare fokus på kulturformidling. I skrivande stund ventar dei på svar frå EU. Dersom søknaden blir godtatt, kan det vere mogleg å søkje på den nye utdanninga allereie i 2009. Utdanninga vil verte lagd til til Dronning Mauds Minne i Trondheim. Skilnaden mellom den tradisjonelle førskulelærarutdanninga og det norsk-svenske pilotprosjektet er at mykje meir av pensum vil omhandle barnekultur, historie og kulturformidling. Museumsfolk vil kunne gå inn som førelesarar med sin unike kompetanse på feltet. Opptakskrava og andre krav vil vere dei same som ved den ordinære utdanninga.

Lik Framtida.no på Facebook: