Mang ein gong har eg støytt på barnehagebarn på vandring. I små flokkar ferdast dei på vegar og stiar i nærmiljøet. Ut på tur er eit viktig element i barnehagekulturen her i landet, og barnehagepedagogen er turleiar. Stundom tenkjer eg på om dei også er vegvisarar inn i kulturlandskapet, og om barna blir gitt nok tid til å oppdaga, oppleva og gjera erfaringar slik at dei erobrar stadene i sin barndoms landskap.

Barn lærer verda å kjenna gjennom konkrete erfaringar – gjennom møte med menneske og stader og gjennom munnleg formidling og direkte kontakt med verda. Barna sin eigen kultur er difor også munnleg og fysisk, og i ein slik oral kultur må erfaringar og opplevingar bli festa i minnet dersom dei skal takast vare på. Ein måte å ta vare på erfaringar og opplevingar på er å formulera dei i forteljingar. Ein annan måte er å knyta dei til bestemte stader gjennom assosiasjonar: Når ein tenkjer på eller kjem til staden, dukkar opplevingane eller erfaringane opp i minnet.

Barna si oppleving av tid er også knytt til rom og opplevingar. Den kronologiske og historiske tidslinja er vanskeleg for barn å gripa. Dei viktige erfaringane og opplevingane er lagra som ’øyar av tid’ i eit romleg minnehav. Her er det ikkje noko tydeleg skilje mellom fortid og notid.
Mitt første poeng er difor: På tur må me gi oss god tid, og me må alltid vera på utkikk etter dei gode stadene – stader med potensiale for fysisk utfalding. I tillegg må me ha i tankane at det er dei erfaringane og opplevingane me legg til rette for, som fyller staden med meining og innhald. Slik vert den personlege identiteten knytt til landskapet.

Mitt andre poeng er følgjande: Landskapet har også ein kulturell dimensjon. Det kan vera spor etter menneskeleg verksemd frå dei eldste tider, eit fornminne, som t.d. ein gravhaug, eller det kan vera noko så kvardagsleg som ein kvilestein, ein bygning eller noko som er skapt i våre dagar, t.d. eit parkanlegg eller ein skulptur.

Men det lokale landskapet har også ein ikkje-materiell eller mytisk dimensjon. Til mange stader i lokalmiljøet knyter det seg forteljingar om minneverdige og merkelege hendingar, personar eller vesen. Nokre forteljingar og stader er felleseige for eit lokalsamfunn. Det er forteljingar som folk har funne så interessante, viktige eller underhaldande at dei er blitt fortalde om att og om att. Slik har dei levd på folkemunne.

Å kjenna lokalmiljøet sitt inneber også å kjenna desse forteljingane frå det lokale landskapet, både dei som byggjer på faktiske forhold, og dei som handlar om det overnaturlege eller oppdikta. Det gjer landskapet levande og gir det å vandra der ein ekstra dimensjon, sjølv om ein ikkje bokstavleg tala trur så fast på forteljingane om troll,  huldrer, gygrar eller andre overnaturlege vette. Den lokale identiteten er såleis ikkje berre knytt til det å veksa opp i det fysiske landskapet. Ein må også veksa seg inn i landskapet og gjera det til sitt gjennom sine eigne forteljingar og gjennom lokalkulturen sine grunnforteljingar.

 

Nils Tore Gram Økland, førstelektor i norsk ved Høgskulen Stord/Haugesund HSH

 

 

 

 

Lik Framtida.no på Facebook: