Lesesenteret i Stavanger driv også med leseopplæring og leseutvikling. Universitetslektor Trude Hoel trur det er viktig at ungane sjølve får vera med på å velja kva bøker som skal stå i lesekroken. Det verste er at dei vaksne blir monotone og keisame formidlarar, meiner ho.

– Eg trur vi får fram dei sterkaste kjenslene og engasjement i tekstar vi kjenner frå før. Høgtlesing er så utruleg viktig, både i barnehage, skule og heim.

– Nei, det er ikkje det eg meiner. Tekstar kan bli gamle. Det finst ingen garanti for at borna våre opplever det same som vi opplevde då vi fekk høyra historiene frå desse bøkene. Men det er ingenting i vegen for å bli godt kjent med nye bøker heller.
– Kor skal ein finna desse bøkene då?
– Bibliotekarane kan mykje. Det kan vera vanskeleg å orientera seg sjølv, så det er berre å spørja. Eg trur vi brukar dei tilsette på biblioteka for lite. Det er dyrt å kjøpa all barnelitteraturen vi vil ha, så noko må lånast. Eg trur heller ikkje på absolutte grenser når det gjeld val av tema. Bøker om krig eller sorg kan kanskje passa av og til, verda er trass alt ikkje berre roseraud.

Lesegevinst her og no
I lesekroken vår sit det altså både gutar og jenter. Lektoren er usamd med Foreininga !les i at det ikkje er forskjell på korleis vi bør formidla litteraturen til dei ulike kjønna.
– Forskjellen må bli teken på alvor. Hadde lesing vore ein friviljug aktivitet, ville mange av gutane sykla, medan jentene hadde hatt nasen i bokhyllene. Ein må i større grad legge til rette for at gutar skal lesa. Då er val av tema særs viktig. Det må vera mogleg for gutane å velja sjølve, og det er viktig at dei har mannlege formidlarar.
Hoel viser til gode røynsler med kjønnsdelte lesegrupper i norske barnehagar.
– Grunnlaget for leselysta blir lagt i barneåra. Men det er òg viktig å tenkja på gevinsten her og no. Borna får ein spesiell nærleik til dei vaksne når dei blir lest for.
– Føretrekk du dialekt eller boknormalen når du les høgt?
– Er teksten på rim, bør ein nok lese tett opp til målforma for å få fram rytmen. Er det ei spaningsforteljing, er det meir naturleg med dialekt. Ungar likar språk, og det er ingenting i vegen for å leika seg.
– Bør ein forenkla vanskelege ord?
– Eg meiner det er språkstimulerande for borna at dei møter nye ord. Etter å ha lese det ukjente ordet nokre gonger, kan det vera lurt å spørja borna om dei kan fortelja kva det betyr. Dette er det mykje læring i.

Legg lista etter meistring
Lesesenteret ønskjer også å bryta ned fordommane som ofte rår i bokmålskommunar: «Barnet mitt er bokmålsbruker, og jeg vil ikke at min sønn skal lese nynorsk».
– Mange trur det er vanskelegare å lesa nynorsk enn kva det faktisk er. Det handlar om å prøva og å fokusera på innhaldet. Eg har mange eksempel på foreldre som har gått frå å vera skeptiske til å elska nynorsk barnelitteratur.
Elles er også Lesesenteret opptekne av tovegskommunikasjonen i lesekroken.
– Borna må få lov til å fantasera utan at vaksensvara skal dominera. Vi veit ikkje alltid fasiten, og vi kan ikkje alltid vita kva borna opplever. Det vi trur er nifst å høyra for ein femåring, kan like gjerne opplevast som skrekkblanda fryd.
– Kva om det er  innvandrarborn i lesekroken, som ikkje kan så godt norsk?
– Det handlar alltid om å leggja lista etter meistring. Men ein bør også tenkja på interesser og alder. Det nyttar ikkje å gi ei bok som er meint til ein fireåring, til ein på tolv berre fordi han meistrar språket dårleg.
Høgskulelektoren vil ikkje berre ha fleire menn inn i høgtlesarvarmen. Ulike formidlarar, i alle aldersgrupper, bør aktiviserast når lesemodusen blir skrudd på.
– Dess større variasjon blant formidlarane, dess betre. Det er også supert at elevar ved einskilde skular tek seg tid til å lesa i barnehagar.
– Har du eit lesetips til slutt?
– No når det nærmar seg vår, kan det kanskje passa å lesa barnebokklassikaren «Den løyndomsfulle hagen», eller ei bok om bjørnen som vaknar opp etter vinterdvalen?
Då er det berre å trekkja pusten. I lesekroken ventar dei små kanskje allereie på ei historie som endå ikkje er fortalt.

Lik Framtida.no på Facebook: