Her får du leikne vers og dikt som eignar seg godt for høgtlesing eller leik. Me les om kaffibesøk hjå bestemor, klappstolen Klappe, stankelbein og om hausten. Versa er varierte, her er alt frå humor, alvor og moral til levande skildringar. Nokre av versa kan kanskje vere litt svevande eller vanskelege å forstå for dei minste. Men alle kan høyre musikaliteten i versa, og kanskje er det spanande sjølv om ein ikkje alltid forstår alt. Truleg vil det bli nokre spørsmål frå dei minste om kva dikta betyr. Dette er boka for undring og samtale.

Dikta har eit enkelt oppsett, fleire av versa har også grafiske grep som bygger opp under handlinga. Diktet Skapingar I handlar om ein nesten usynleg fugl og er forma som venger som fyk gjennom lufta. Slike grep gjer boka kjekk å ikkje berre lese i, men også kikke i.

Det hadde truleg vore rom for fleire illustrasjonar på sidene, det kunne gjort boka enda meir spanande og gitt meir djupn til dikta. Likevel framstår samlinga som både enkel og rein med sine kvite sider. Det er godt å la teksten få stå i sentrum somme tider.

Mange vil gle seg over desse små dikta, som ofte ber preg av både rim og rytme. Dei små versa om mobilane som stemmer i telefonsong, om dei som held nasane høgt, og om sutrelua, tenkjetrusa og trallefrakken.

Musikken og rytmen i orda gjer også dikta enkle å hugse. Mange av dei har så mykje rytme at ein nesten kan syngje dei.

Av Mary Bente Bringslid

Samlaget 2009

Lik Framtida.no på Facebook: