Som førskulelærar har eg arbeidd med barn og unge i barnehage og skule heile mitt yrkesaktive liv. Samstundes har eg hatt gleda av å vera friviljug deltakar og tilretteleggjar innan kulturtilbod for same aldersgruppa. Nyleg hadde eg ein samtale med ein kulturskulerektor over emnet barn og kultur. Med eitt seier han: ”Vi er heldige som får arbeide med kultur.” Dette tykkjer eg var godt sagt, og det kan stå som uttrykk for ei haldning til kulturarbeid som lett kan verte borte i ein kvardag fylgd med oppgåver og utfordringar på godt og vondt.
I Rammeplanen for barnehagen (2006) er barnehagen si rolle som kulturarena understreka og vektlagd sterkare enn tidlegare. Det tyder mellom anna at førskulelæraren si rolle som kulturformidlar har fått større tyngde, og det krev at vi som arbeidar i barnehagen, må ta standpunkt til kva vektlegginga av kultur må føre til i vår barnehage.
Stutt sagt kan kulturarbeid i barnehagen handle om kultur av, med og for barn. I det daglege gjer vi kulturelle val på vegner av barna, noko som krev kulturell kunnskap og bevisstheit. Faglege grunngjevingar må styre dei vala vi gjer. Formidling er ei side ved førskulelæraren si kulturelle yrkesrolle, ei anna side er å gje barna høve til varierte opplevingar og leggje til rette for at dei sjølve kan vere aktive og skapande. Dette omfattar óg den kulturen barna skapar seg i mellom.

Kulturaspektet i barnehagen kan og bør famne vidt, og taka utgangspunkt i føresetnadene til dei barna vi skal arbeide saman med.
Etter kvart har vi fått fleire barnehagar som vel sin eigen profil, til dømes kulturbarnehagar. Kulturbarnehage er sjølvsagt ikkje noko eintydig omgrep. Og slik må det vere, då kvar barnehage må starte med sitt utgangspunkt for kva kultur vil seie for barna og leiken og læringa deira.
Eit døme på natur- og kulturbarnehage finn vi i Hornindal kommune.
Det er no sju år sidan Hornindal barnehage (Sogn og Fjordane) gav ut boka Klare sjølv. Kokkar små med kopp og skei. Barna, dei tilsette, foreldra, ja, heile bygda hadde i mange år vore særs opptekne av mat og matkultur. Og etter år med såing, planting, hausting og matlaging både innandørs og utandørs vart boka ein realitet. Boka er seld i 17 000 eksemplar i inn- og utland.  
Boka er ei kokebok for barn, men samstundes kulturell dokumentasjon og eit godt døme på kulturformidling, identitet og tradisjonar.
Kultur handlar om det å vere menneske og korleis vi ynskjer at livet skal vera. Som den før omtala kulturskolerektoren la til: ”Det er dette som er livet.”

Torill Sperre er førskulelærar, fagleg rettleiar og kulturarbeidar.

Lik Framtida.no på Facebook: