Det er tidleg haustkveld. Ti vaksne og to barn sit i den straumlause stova på Hustveit i Sauda. Vi syng bånsullar frå 1800-talet i lag med folkemusikkarkivar Ruth Anne Moen. – Vi ønskjer å setje fokus på dei kvardagslege kulturminna, seier Moen. – Og det treng ikkje berre vere kaffi kverner og plogar. Songskattane våre er òg kulturminne over dagleg livet.

Ho fortel og syng om småstubbar og bånsullar som er overleverte i munnleg form i løpet av førre hundreåret. Songane er kjende, også for dei yngste, men kanskje mest for dei som har levd ei stund. Mange av songane har sine lokale variantar, både i tonar og i tekst. I Vanvik i Suldal har Moen lært å syngje Kråkevisa med ein heilt annan tone enn den vi kjenner i dag. Og versa har lokale avvik og er endåtil fleire enn dei 13 som er dei mest kjende. Til dømes:
Av tarmane laga ho ei pølse så lang, hei fara, ei pølse så lang.
Ho rakk i frå Norge til Amsterdam. Hei fara, falturiltu raltu ra.

Eventyrleg måltid
Publikummet i Hustveit-stova denne kvelden får kjenne historia på kroppen. Vi sit tett saman på benker og stolar, og det kan vere ein fordel i eit straumlaust hus kor det ikkje er fyr i omnen. Historia sit, som ein seier, i veggene, i kistene, trebenkene og langsmed dei gardinlause glasa. På bordet står det ei parafinlampe og ei flaske Farris som skal væte songstrupen. Ruth Anne Moen har engasjert oss i ei aukevise.
– Kva skal brura spise i dag? syng Moen.
– Eit par hollandske duer, svarar vi.  
Ei aukevise er ei vise kor teksten legg på seg for kvart vers. Denne handlar om brura som skal få meir å ete for kvart vers, og som ender opp med fjorten hjortar med klauver og horn. Ungane ler, dei har knappast høyrd om maken til etegilde.
 Med programmet Reven lakkar på strete vil Ryfylkemuseet setje fokus på gamle songar som kvardagsminne. (Foto: Toyni Tobekk)

Song for godt vêr
Det er ikkje like lett å forstå all tekst i ein gammal song. Lova, lova, lina, kva tyder no det?
– Mange ord er heilt uforståelege. Då må eg forklare kva orda betyr, seier Moen. – Det går heilt fint, og mi oppleving er at ungane likar å høyre om desse ukjende orda. Lova, lova, lina er ei bøn om at vêret må bli fint.
Slike songar kallast jetleviser. Å jetle er det same som å gjete, forklarar songlæraren vår denne kvelden. Gjetarane var ofte barn, jetlebån, og mødrene og fedrane song om at barna måtte få fint vêr når dei skulle ut og sjå til buskapen. Men jetleviser kan òg vere viser om skumle møte med ville dyr som vil ta dei uskuldige lamma i flokken.

– Bruk musikken
Moen gav i fjor ut boka Bergteken, ei samling folketonar frå Rogaland. Her er songar ho har fått overlevert munnleg, og som ho sidan har skrive ned. Sjølv om tekstane har gjennomgått ein viss grad av språkvask, så har det aldri vore på tale å omsetje eller modernisere språket.
– Folkemusikken er meir enn berre tekst. I songen er det rytme og klang som er avgjerande for songopplevinga. Viss vi set om teksten, risikerer vi å ta vekk noko av dette som gjer songen god å syngje.
– Det viktige er, seier Moen, å ta songane i bruk og gjere dei til sine eigne. Synge med den stemma og den dialekten ein har.

NETTLENKER
Songar frå Rogaland:
Ola sko du å tenna pibå si (frå Strand), Silje Vige syng http://www.ryfylkemuseet.no/doc/71_Ola%20sko%20ud%20aa%20tenna%20pibaa%20si.wma
Sure lure line (frå Karmøy), Åshild Vetrhus syng http://www.ryfylkemuseet.no/doc/72_Sure%20lure%20line.wma
Kjelde: Ryfylkemuseet

FAKTA Kulturminneåret
Miljøverndepartementet og Kyrkje- og kulturdepartementet sto bak Kulturminneåret 2009. Noregs kulturvernforbund vart sett til å planleggje og gjennomføre året.
Kulturminneåret hadde som mål å ha fokus på kvardagsminna.
Det er løyvd 3,4 millionar kroner til 357 ulike kulturminneprosjekt over heile landet.

Lik Framtida.no på Facebook: