Rampete Robin feirar Halloween på sin eigen måte; han driv både foreldre og barnevakter til vanvit og plyndrar Gretne Grete sin hemmelege klubb.

Robin fortener nemleg namnet sitt, han er rett og slett rampete. Det er Espen Beranek Holm, mest kjent som komikar frå program som Hallo i uken i NRK P2 og TV-programmet Løvebakken på NRK, som fortel historiene om Rampete Robin på lydbok. Han har eit imponerande og variert repertoar av stemmer og fortel med eit så sterkt engasjement at ein lett kan leve seg inn i historia. Og alt saman er gjort med ein ekte guteaktig og rampete tone. Dette er historier mange små gutar kjenner seg att i. Her er mange karakterar å bli kjent med, og alle har dei skildrande namn. Storebror Perfekte Peter likar å leggje seg tidleg og gjer aldri noko gale, Nifse Nina er barnevakta som alle fryktar, medan Gretne Grete aldri blir i godt humør. Det er lett å finne tydelege karaktertrekk i personane, noko som gjer at det er lett å skilje mellom karakterane, også for dei minste. Samstundes blir det kanskje litt for lettvint? Ingen er vel alltid sinte eller alltid snille? Historiene er tøffe og passar nok best for gutar og jenter frå 5-årsalderen og oppover. Lydboka varer i nesten ein time og er delt inn i fleire små kapittel. Kvart kapittel har ei eiga historie, slik at ein ikkje treng å høyre heile boka samanhengande. Forteljingane er også humoristiske, og det er tett mellom dei gode poenga som får deg til å le. Rampete Robin er truleg ei forteljing heile familien kan ha glede av å høyre på i bilen. Eller kanskje det kan bli ei kjekk lita lyttestund i barnehagen.

 
Av: Francesca Simon
Omsett av Dagny Holm
lest av Espen Beranek Holm 2009

Lydbokforlaget

Lik Framtida.no på Facebook: