Her er eit kjent eventyr i ein ny form. Dei fleste kjenner nok til Dei tre bukkane Bruse som skal på setra for å bli feite. Men i denne historia går ikkje alt som det plar, bukkane hamnar nemleg i badeland i staden for på setra.

Bjørn Rørvik har eit levande og godt språk i ein svært munnleg drakt. Han skriv nesten på dialekt når han skildrar dialogen mellom bukkane. Og ikkje minst har bukkane fått eit nytt og meir moderne språk.

– Please? sa den minste – Da trenger vi ikke gå over brua heller. Det er så skummelt med det trollet, seier den minste bukken når dei bestemmer seg for å heller gå til badelandet.

Forfattaren klarer å la bukkane vere bukkar, også i språket. Det er fornøyeleg å høyre brekinga som nesten kjem av seg sjølv når ein les teksten høgt. Når til dømes den mellomstore bukken lurer på om dei heller kan gå å bade: – Det er så kjedeleg oppe på setra. Bare gå der og bre – e – e – ke hele sommeren.

Det er også brukt visuelle grep i teksten for å gjere lesinga meir variert. Ord og bokstavar er utheva eller skrive med tjukk skrift. Likevel er det litt vanskeleg å forstå alle desse grepa. Det er ikkje alle uthevingane som er like logiske. Men dei får uansett teksten til å leve.

Det er Gry Moursund som står for dei barnslege teikningane. Ho teiknar så truverdig at ein faktisk skulle tru det var borna sin eigen strek som var utgangspunktet. Mange og sterke fargar saman med detaljerte teikningar gir ei biletbok det er verdt å bruke lang tid på.

Og her er ikkje minst mykje humor. Dei aller fleste vil trekkje på smilebandet når det store trollet til slutt må opp i den store vannsklia og forsvinn ut av vindauget. Og dei tre bukkane Bruse står sjølvsagt att som heltar.

Dette er ei historie barna kjenner. Men med nokre enkle grep og klare kontrastar har Rørvik klart å lage noko nytt og spanande ut av eventyret. Og det utan at den opphavlege handlinga forsvinn.

Bla i boka.

Av Bjørn F. Rørvik
Illustrert av Gry Moursund
Cappelen Damm

 

Lik Framtida.no på Facebook: