Torpo barnehage i Ål kommune har god erfaring med å nytta digitale verktøy på utradisjonelle område i barnehagen.

– Digitale verktøy gjev borna sterkare medverknad i barnehagen, seier styrar Gunn Marit Oleivsgard. Frå ho starta som styrar i 1995, har ho auka medråderetten til borna i barnehagen. Etter kvart har rammeplanane òg lagt opp til dette. Dette har igjen gjeve utfordringar når det gjeld krav om dokumentasjon.
Det som byrja med eit sterkare behov for å dokumentera for foreldra kva borna hadde gjort i løpet av ein barnehagedag, har etter kvart utvikla seg til å bli ein digital kvardag for borna og personalet i Torpo barnehage.

Til prosjektarbeid og andre aktivitetar nyttar borna dagleg berbare PC-ar og Smart board, ei interaktiv tavle som fungerer som ein digital flanellograf med lyd og bilete. Desse verktøya er også viktige når borna skal dokumentera prosjekta sine.

Foto: Torpo barnehageMeir enn dataspel

– Alle kan setja opp ein PC i avdelinga og finna fram eit spel, men digitale verktøy kan nyttast på så mange andre måtar, understrekar Oleivsgard. Saman med dei tilsette har ho opparbeidd seg kompetanse og erfaring når det gjeld bruken av digitale verktøy i barnehagekvardagen.
Medan styraren har vidareutdanna seg i utvikling av digital portefølje, har andre tilsette teke pedagogisk utviklingsarbeid med fokus på barn sin medverknad.
I tillegg til at borna lærer seg å nytta ulike digitale verktøy som PC, fotoapparat og storyboard, er den språklege effekten stor.
 – Når me finn symbol via PC eller den interaktive tavla koplar borna desse til ord, skrift og tal, fortel Oleivsgard. Borna lærer også tidleg å bli medvitne om bruken av bilete av seg sjølve og andre.

Digitale mapper

Frå borna er i 2-3 års alderen, opprettar personalet eigne digitale mapper for dei. Her samlar dei dokumentasjon via bilete, film og lydopptak, som dannar grunnlag for familiesamtalen. Torpo barnehage har gått vekk frå å ha berre foreldresamtale og har i dag også familiesamtale, der barnet spelar ei viktig deltakande rolle. Borna inviterer familien til samtale, og dei er aktive deltakarar i samtalen. I staden for den tradisjonelle foreldresamtalen får dei synleggjera kvardagen sin via bilete, film og lydopptak i ein PowerPoint-presentasjon. Denne har dei førebudd på førehand saman med barnehagepersonalet.
– Her får borna syna foreldra deira kva dei har lært og kva dei er gode til, og ikkje minst kva dei synest er vanskeleg, fortel Oleivsgard.

Filmprosjekt

I 2006 fekk styraren med seg personalet på å gjera noko ingen av dei kunne – verken personalet eller borna. Dei ville laga film. Dei lagde 7 animasjonfilmar og i tillegg ein spelefilm. Filmprosjektet var omfattande, og borna tok del i heile prosessen frå idéstadiet, med oppbygging av historia, roller, kostyme, kulisser. Borna var også ute for å finna passande lokalitet for filmopptaket. Spelefilmen vart ein time lang og hadde premiere på kulturhuset på Ål med over 300 tilskodarar. Sidan den gong er det blitt ein tradisjon med film ved sommaravslutninga kvart år.
 – Prosessen med å laga film og å skapa noko nytt er utruleg lærerik for personalet og for borna, avsluttar Oleivsgard.

Foto: Torpo barnehageDøme på bakeprosjekt med digitale hjelpemiddel:
Borna vel gruppe for kvar månad. Til dømes ei bakegruppe
Her får dei bestemme kva for  mat dei skal ha denne månaden
Finn oppskrift via internett og skriv ut
Lagar kjøpeliste (bilete og tal) på Smart board
Skriv ut kjøpelista på nettverksskrivaren
Borna går saman med personalet på butikken og handlar
Borna tek bilete av alle ingrediensane og bakeprosessen
Borna skriv ut bilete og limer inn saman med oppskrifta i barnehagen si kokebok
Evaluering saman med vaksen:
Kva har me gjort?
Kva har me lært?
Kva var lurt?


Fakta:

Klikk der!?Nasjonal konferanse om IKT og bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet. ?Einaste konferansen i Noreg som har IKT og digitale verktøy i barnehagen som hovudtema. ?Blir arrangert i samarbeid med Utdanningsforbundet og med støtte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet. ?Presenterer den nyaste forskinga på området, og fleire barnehagar vil fortelja om arbeida sine.
Kjelde: http://www.hio.no/Klikk-der

Studietilbod Høgskulen i Vestfold

Studiet vil i hovudsak fokusera på bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet i barnehagen, der ein tenkjer på IKT som eit naturlig verktøy i arbeidet med innhald og oppgåver innan fagområda i barnehagen.
Kjelde: http://www.hive.no/studietilbud/foerskolelaerer/ikt-i-barnehagen

Lik Framtida.no på Facebook: