Som einaste land i verda har Noreg lovfesta (i opplæringslova) at kvar kommune skal ha ein kulturskole, anten åleine eller saman med andre kommunar.

Fleire offentlege dokument stadfestar kor mykje kulturdeltaking og kulturopplevingar har å seie for ein god barndom. Og Kulturløftet slår fast at kultur har ein verdi i seg sjølv, ved sida av å vere eit verkty for å nå andre samfunnsmål, t.d. næringsutvikling.

Dei mange kulturskolane som finst, gjer eit viktig arbeid i høve til barn og unge, og mi røynsle er at både rektorar og kulturskolelærarar brenn for det dei arbeidar med. Med rette kan dei kallast eldsjeler.
Fram til 2004 var det ei øvre grense, ein makspris, for foreldrebetaling i kulturskolar. Ein elevplass skulle ikkje koste meir enn kr 1600. I Soria Moria-erklæringa heiter det: ”Regjeringen vil at alle barn skal ha et tilbud om plass i kulturskolen til en rimelig pris:”  

Sidan den gong har foreldrebetalinga auka jamt over, og det er store skilnader mellom kommunane. Samstundes har mange kommunar teke bort ordningar som friplassar og søskenmoderasjon. Og kulturskolerektorane har eit budsjett dei må halde.
Alvorleg er det at det synest å vere dei fattige barna som fell utanom og ikkje får ta del i dei mange tilboda kulturskolane gjev. Ei pilotundersøking utført av Telemarksforskning (2009) fann teikn på at barn frå fattige familiar står i fare for å verte ekskluderte som aktive kulturdeltakarar på den arenaen som kulturskolen er.
Eit anna funn frå same undersøkinga syner at breidde i dei tilboda kulturskulen gjev, og samarbeid mellom dei ulike instansane som arbeidar med barn og unge innan kommunen, er med på å auke deltakinga hos barn og unge frå fattige familiar.

Det vil føre for langt her å gå nærare inn på denne undersøkinga, som er utført på oppdrag frå Norsk kulturskoleråd og Redd Barna. Undersøkinga, med tittelen Kultur for alle?, baserer seg på intervju med kulturskolerektorar og statistisk informasjon.
Det grunnleggjande kulturarbeidet som går føre seg i den einskilde skole og barnehage i tråd med Kunnskapsløftet og Rammeplan for barnehagen, vil vere særleg verdifullt ut frå den allmenne målsettinga om å inkludere alle barn. Kulturskolane gjev med sin fagkompetanse høve til utvikling og fordjuping, anten i gruppe eller som individuell undervisning. At alle barn får høve til kulturdeltaking i regi av kulturskolane, gjev gode oppvekstvilkår. Likeeins er det eit samfunnsproblem dersom barn vert eksluderte frå dette av sosioøkonomiske grunnar.
 
Kjelder: K.Gustavsen og S.Hjelmbrekke: Kulturskole for alle. Pilotundersøkelse om kulturskoletilbudet.                          Telemarksforskning/ TF-rapport 255/2009  

 

Torill Sperre er førskulelærar, fagleg rettleiar og kulturarbeidar.




   

 

Lik Framtida.no på Facebook: